Døden i Håvamål
Del 1: Håvamål om døden
I Den eldre Edda finn vi diktet Håvamål. Det er eit gudedikt på 164 strofer. Diktet skal vere Odins tale og gir oss innsikt i verdiane og mentaliteten til vikingane. Eitt av temaa i diktet er døden.
- Les dei to strofene frå Håvamål under høgt for kvarandre i grupper.
- Diskuter: Kva haldningar til døden synest de strofene viser? Kva veit de om vikingane og norrøn mytologi som kan forklare innhaldet i dei to strofene?
- Synest de desse to strofene er aktuelle i dag? Eller har det moderne mennesket eit anna syn på døden?
Skriv ned det de har diskutert i oppgåve b og c.
Utdrag frå Håvamål
Ordforklaringar
- fe
- husdyr
- frender
- vener
- ettermæle
- det omdømmet du har etter døden
Del 2: Finn de rima?
Ei lita gåte: Dei to strofene frå Håvamål er fulle av rim. Finn du dei?
Del 3: Set teksten i kontekst
Kvifor hadde vikingane dette synet på døden? Dette kan du finne ut av ved å utforske den kulturhistoriske konteksten til Håvamål. Det vil seie at du lærer deg meir om den tida tekstane kom ut i.
- Les fagartiklane "Maskulin ære i norrøn tid" og "Døden i norrøn mytologi", og skriv to avsnitt som kan forklare noko om synet vikingane hadde på døden.
- Samanlikn teksten de har skrive i grupper: Har de lagt vekt på det same?
Del 4: Moderniser Håvamål
Førestill dykk at menneskja av ei eller anna årsak opplever ei stor krise og nesten går under, men nokre få overlever. I år 3000 ønsker desse menneska å undersøke noko om forholdet 2000-talsmennesket hadde til døden. Til alt hell finn dei to strofer som handlar om nettopp dette.
Jobb saman og skriv desse strofene. De skal bruke bokstavrim, akkurat slik vikingane gjorde.