Hopp til innhald

Fagstoff

Lønnsutrekningar

Lønn kan avtalast på fleire måtar. Lønna kan vera fast eller variere med kor lenge arbeidstakaren jobbar. Ho kan òg variere med kor mykje arbeidstakaren produserer eller kor mykje arbeidstakaren sel av ei vare.
Legofigur og tohundrelapper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avtalt årslønn

Mange arbeidstakarar i Noreg har avtale med sine arbeidsgivarar om ei fast årslønn. Det er då ein føresetnad at det blir arbeidd eit bestemt tal arbeidstimar. Det er vanleg i Noreg med 37,5 timar per veke.

Ut frå årslønna reknar ein ut månadslønn som årslønn dividert på 12. Arbeidstakaren får lønn kvar månad ho arbeider, men ikkje når ho har ferie. Då får ho i staden feriepengar.

Det kan også ut frå årslønna reknast ut timelønn. Då må det først reknast ut tal arbeidstimar per år.

Eit døme på korleis dette blir gjort er at 37,5 arbeidstimar per veke blir multiplisert med 52 veker per år som gir 1950 timar per år.

Talet på timar per månad blir då 1950 timar per år dividert med 12 månader per år som er lik 162,5 timar per månad.

Døme

Per har ei årslønn på 425 100 kroner. Rekn med 1 950 arbeidstimar i eit arbeidsår. Finn månadslønn og timelønn.

Vi set dette opp i eit rekneark. I kolonnen til høgre ser du dei formlane som er brukte i kolonne B.

A

B

B

1

Inndata

2

Årslønn i kroner

425100

425100

3

Månader

12

12

4

Timar

1950

1950

5

6

Utrekningar

7

Månadslønn i kroner

35425

=B2/B3

8

Timelønn i kroner

218

=B2/B4

Filer

Avtala timelønn

I staden for årslønn kan det avtalast timelønn. Det er til dømes vanleg for mange som arbeider deltid, men også for mange i fast stilling. Timelønna er gjerne høgare for kveldsarbeid og for arbeid på søndagar og helgedagar.

Provisjonslønn

Ein annan type lønn er provisjonslønn. Lønna avheng då av oppnådde resultat i den jobben som blir gjort. Det vanlege er at ein del av lønna blir rekna ut ut frå den tida som blir brukt, og at resten av lønna avheng av kva for eit resultat som blir oppnådd. Telefonseljarar har ofte denne typen lønn.

Eksempel

Kari har deltidsarbeid som telefonseljar. Ho har ei timelønn på 80 kroner og ein provisjon på 5% av det ho klarer å selje.
Ein månad arbeidde ho 50 timar. Ho oppnådde eit sal på 40 000 kroner. Finn lønna hennar denne månaden.

A

B

B

1

Inndata

2

Talet på timar

50

3

Timelønn (kr)

80

4

Sal (kr)

40000

5

Provisjon (%)

5

6

7

Utregningar

8

Fast lønn (kr)

4000

=B2*B3

9

Provisjonslønn (kr)

2000

=B4*B5/100

10

Samla lønn (kr)

6000

=SUMMER(B8:B9)

Filer

Akkordlønn

I nokre arbeidsforhold blir det betalt ut ein bestemt sum for å gjere ein bestemt jobb. Dette blir kalla akkordlønn. Akkordlønn kan til dømes brukast ved bærplukking.

Eksempel

Jordbærkasse og jordbærplukkere. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein bærplukkar får 5 kroner for kvar korg med jordbær han plukkar. Ein dag plukkar han 95 korger med jordbær.

Lønna blir då
5 kroner pr kurv · 95 kurver = 475 kroner

Overtidstillegg

Dei fleste arbeidstakarar i Noreg har ei normal arbeidsveke på 37,5 timar. Dersom du arbeider utover normal arbeidsveke har du vanlegvis krav på overtidsbetaling.

Eksempel

Ellinor har ei fast månadslønn på 32 175 kroner. Talet på timar per månad er 162,5. Ein månad arbeidde Ellinor 5 timar overtid med 40% tillegg og 7 timar overtid med 100% tillegg.

Vi vil rekne ut samla lønn for denne månaden.

A

B

B

1

Inndata

2

Månadslønn (kr)

32175

3

Timar per måned

162,5

4

Overtidstillegg (%)

40

5

Overtidstillegg (%)

100

6

Overtidstimar med 40 % tillegg

5

7

Overtidstimar med 100 % tillegg

7

8

9

Utrekningar

10

Timelønn (kr)

198

=B2/B3

11

Fast månadslønn (kr)

32175

=B2

12

Overtidslønn med 40 % tillegg

1386

=B6*B10*(1+B4/100)

13

Overtidslønn med 100 % tillegg

2772

=B7*B10*(1+B5/100)

14

Samla lønn (kr)

36333

=SUMMER(B11:B13)

Filer

Legg spesielt merke til utrekninga av overtidslønna. Her er det brukt vekstfaktor slik at overtidslønna blir funne direkte.

Det er no lett å finne lønn for ein annan månad ved å endre inndataa. I mange oppgåver skal du bruke rekneark. Dersom du gjer eit skikkeleg arbeid med reknearket i starten, kan du bruke det same reknearket i mange oppgåver berre ved å gjere små endringar.

Feriepengar

Småbåt som er ankra opp, kvit stol på bryggja, Jølstervatnet, Sogn og Fjordane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle arbeidstakarar i Noreg har krav på feriepengar. Feriepengane blir betalte ut av arbeidsgivar i staden for lønn når du har ferie. Feriepengane skal vere minimum 10,2 prosent av det ein har fått som lønn året før ferien blir avvikla, minus feriepengar dette året. Arbeidstakarar over 60 år har rett på minimum 12,5 prosent.

Eksempel

I 2011 hadde Eline til saman utbetalt 425 600 kroner frå sin arbeidsgivar. Av dette var 41 100 kroner feriepengar. Eline er 61 år.

Då kan vi rekne ut feriepengane Eline har krav på frå sin arbeidsgivar i 2012.

A

B

B

1

Feriepengeutrekning Eline

2

3

Inndata

4

Samla lønn og feriepengar 2011 (kr)

425600

425600

5

Feriepengar 2011 (kr)

41100

41100

6

Feriepengesats (%)

12,5

12.5

7

8

Utrekningar

9

Feriepengegrunnlag

384500

B4 - B5

10

Feriepengar for 2012

48063

B9*B6 / 100

Filer

CC BY-NC-SASkrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 12.05.2019

Læringsressursar

Lærlingtida