Hopp til innhald
Oppgåve

Undersøk distribusjonsstrategien til Oda

I denne oppgåva skal de undersøkje distribusjonsstrategien til Oda og vurdere korleis Oda bruker distribusjon som eit konkurransemiddel.
Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Oda sin distribusjonsstrategi

Distribusjon blir ofte definert som alle aktivitetar og tiltak ei bedrift set i verk for å organisere varestraumen frå produsent til sluttbrukar. Det betyr at distribusjon er grunnlaget for det aller ...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Lytt til podkasten. I podkasten høyrer de eit intervju med Jon Kåre Stene, medgründer i Kolonial.no – som bytte namn til Oda i 2021. Stene blir karakterisert som ein av dei fremste ekspertane på distribusjon i Noreg.

Finn relevant informasjon på nettstaden: oda.no

Oppgåve

Forslag til arbeid med oppgåvene
  • Jobb gjerne i par.

  • Presenter svara for klassen.

  • Ha ein diskusjon om oppgåvene i klassen til slutt.

  1. Undersøk og beskriv distribusjonsstrategien til Oda.

  2. Vurder korleis Oda bruker distribusjon som eit konkurransemiddel.

  3. I april 2021 bytte Kolonial.no namn til Oda. Kva trur de er årsaka til at bedrifta bytte namn?

  4. Drøft følgjande påstand: "Matvarehandel på nett er framtida i Noreg."