Parlamentarisk leiar for regjeringsparti - Samfunnskunnskap - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Parlamentarisk leiar for regjeringsparti

Her er ei oversikt over kva som er ansvaret ditt som parlamentarisk leiar for eit regjeringsparti på LilleStortinget.

Vi håper du har fått den rolla du ønskjer deg og at du gler deg til å tre inn i ho. Sett deg grundig inn i rolla di og gjer godt forarbeid.

Rolla di som parlamentarisk leiar i regjeringsparti

Som parlamentarisk leiar er du leiaren for på LilleStortinget, det vil seie alle som representerer partiet ditt. Du skal leie partigruppemøta og har det overordna ansvaret for at partigruppa bestemmer seg for kva ho skal meine om alle sakene som er til behandling i alle Det er fint om du kan leggje til rette for debattar internt i partigruppemøta og hjelpe partimedlemmene med gode argument i sakene.

Partiet ditt sit i regjering. Det er derfor viktig at du har jamleg kontakt med partileiaren din i Regjeringa og andre i partiet ditt, både for å vere oppdatert på Regjeringa sin politikk og for å rapportere om arbeidet i partigruppa. Det er viktig at de er lojale, står samla i partiet og støttar opp om politikken til regjeringa. frå Regjeringa kan delta på delar av partigruppemøta, viss det er ønskjeleg. I ei vil det òg vere viktig å søkje støtte frå eit eller fleire dei ulike sakene, slik at det blir fleirtal når det skal voterast.

Du sit ikkje i ein komité, men du skal, saman med rådgivarane dine, rettleie og støtte partimedlemmane dykkar rundt om i arbeidet deira. Du bør fordele mellom dei politiske rådgivarane dine slik at dei kan oppdatere deg på sakene, komme med gode argument, drille deg før debattar osb.

Du er òg på LilleStortinget. Sett deg derfor inn i rolleskildringa for representantar. Denne finn du nedst under relaterte artiklar, saman med andre ressursar som er nyttige for deg.

Hugs:

  • Spel rolla di.
  • Ver aktiv i politiske debattar og politisk arbeid.
  • Sett deg inn i hovudsakene til partiet ditt, og skaff deg kunnskap om dei sakene som er til behandling i komiteane.
  • Det er meiningane til partiet ditt som du skal stå for og forsvare, ikkje dine eigne.
  • Ha kontroll på programmet.
Oversikt over konkrete oppgåver

Klokkeslett og romfordeling finn du i skulen sitt eige program.

Dag 1

Informasjonsmøte for parlamentariske leiarar

Etter opninga skal du delta på dette informasjonsmøtet. Du bør ta notat.

Første partigruppemøte

  • Sett ein av rådgivarane dine til å skrive referat og hjelpe til med å notere rekkjefølgja på dei som vil seie noko i møtet.
  • Ta opprop og noter kven som ikkje er til stades.
  • Gå gjennom sakene frå trontalen til statsministeren og diskuter kva de bør leggje vekt på i .
  • Gå gjennom proposisjonane og diskuter kva saker som er dei viktigaste for gruppa å forsvare og kva for nokre av dei som evt. kan forhandlast om.
  • Bruk voteringsskjemaet til å halde oversikt (sjå fil under).

Under fagkomitemøta

Du skal ikkje delta i fagkomitemøta, men du og rådgivarane dine bør vere tilgjengelege for dine(gjerne digitalt), slik at de kan støtte dei undervegs i behandlinga av proposisjonane. Du kan òg bruke tida til å rapportere til partileiaren og ta kontakt med dei parlamentariske leiarane for andre parti for å undersøkje moglegheiter for samarbeid og forhandling i dei ulike sakene.

Andre partigruppemøte

  • Ta ein runde med tilbakemeldingar frå dei første komitemøta og diskuter eventuelle nye
  • Fordel den samla taletida i partigruppa i trontaledebatten på gruppemedlemmane.
  • Lever taleskjema for trontaledebatten til (sjå fil under). Frist står i programmet.
  • Fordele og laga spørsmål til .
  • Levere spørsmåla til spørjetimen (sjå fil under). Frist står i programmet.

Trontaledebatt

Du skal delta i trontaledebatten og støtte partifellane dine og politikken til regjeringa.

Tredje partigruppemøte

  • Ta ein runde med tilbakemeldingar frå dei andre komitemøta og diskuter eventuelle nye
  • Førebu . Sørg for at du får hjelp av partifellane og rådgivarane dine til utforme gode argument for standpunktet til partiet i dei ulike sakene.

Partileiardebatt

Følgje med på partileiardebatten.

Dag 2

Fjerde partigruppemøte

Førebuing til

Spørjetime

Du skal delta i spørjetimen og støtte partifellane dine og regjeringa.

Femte partigruppemøte

  • førebuing til
  • sikre at alle veit kva dei skal stemme i dei ulike sakene
  • Bruk voteringsskjemaet til å halde oversikt (sjå fil under). Alle i gruppa bør få eit ferdig utfylt voteringsskjema. Hugs også å gi voteringsskjemaet til eventuelle partifellar i presidentskapet.

Plenumsdebatt og votering

Du skal delta i plenumsdebatten og , støtte partifellane dine og gi frå deg røyst.

Relatert innhald

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen, Atle Oanes, Anna Kristina Lejdelin og Eirik Sundquist Torp.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2020