Hopp til innhald

Fagstoff

Sentralmål. Typetal

Sentralmål er verdiar som fortel oss noko om resultatet for ei gruppe som heilskap.
En jente som tenker. Illustrasjon.

Sentralmåla seier noko om kor «tyngdepunktet» av observasjonar ligg. Vanlege sentralmål er typetal, gjennomsnitt og median. For å forklare desse omgrepa ser vi igjen på resultata frå matematikkprøva i klassen til Mary Ann:

4 2 5 3 3 2 5 4 1 3 2 2 5 3 1 4 2 5 3 2 4 3 6 2 5 3 2 5 5 4

Typetalet er den verdien i eit talmateriale som er «mest typisk», dvs. den verdien som førekjem flest gonger. På matematikkprøva var det heile åtte elevar som fekk karakteren 2. Karakteren 2 førekom oftast. Typetalet for dette datamaterialet er derfor 2.

KarakterFrekvens
12
28
37
45
57
61

Det er ikkje alltid slik at typetalet gir eit rett inntrykk av gruppa som heilskap. Gjennomsnittet gir ofte betre informasjon.

CC BY-NC-SASkrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2018

Læringsressursar

Statistikk