Hopp til innhald

Fagartikkel

Vaksengruppa på arbeidsplassen

Dei fleste gruppeprosessane vi finn blant barn, finn vi òg igjen blant vaksne. Vi tilpassar oss kvarandre stort sett på same måte. På ein arbeidsplass vil nokon dominere, mens andre stiller seg på sidelinja.

LK20LK06
Tre vaksne som samarbeidar rundt eit bord. Foto.

Ein viktig forskjell på barn og vaksne er at deltakarane i vaksengruppa er i stand til å setje ord på det som skjer.

Ein arbeidsplass er gjerne delt inn i arbeidsgrupper med bestemde oppgåver som kan vere permanente eller kortvarige. Desse profesjonelle gruppene består vanlegvis av personar med litt ulik kompetanse, slik at dei utfyller kvarandre. Det gjer gruppa effektiv og slagkraftig.

Dei fleste opplever det som positivt og lærerikt å arbeide saman. Vi arbeider grundigare, og kvaliteten på arbeidet aukar fordi vi heile tida gir kvarandre tilbakemeldingar.

Likevel må vi vere førebudde på at det kan oppstå spenningar som fører til at vi samarbeider dårleg. Kanskje tør ikkje folk ta ordet fordi dei fryktar å bli hånte eller utsette for sarkasmar? For å få til eit godt samarbeid må vi peike på problema og finne ut korleis dei kan løysast.

Råd til arbeidsgrupper

Ei arbeidsgruppe fungerer best viss ho har klart definerte roller og tydeleg fordelte arbeidsoppgåver. Blir gruppa for stor, er det fare for at nokon fell utanfor.

Ei diskusjonsgruppe bør heller ikkje vere for stor viss alle skal få sagt noko, og gruppa ikkje skal dele seg.

Når vi både har ei vaksengruppe og ei barnegruppe på arbeidsplassen – til dømes i ein barnehage, skule eller skulefritidsordning – er det spesielt viktig at vaksengruppa fungerer.

Her er noko av det vi kan gjere for å få vaksengruppa til å fungere betre:

  • Vi bør la alle få tid til å bli kjende med kvarandre viss gruppa er nystarta.
  • Vi må sørgje for at gruppa har eit klart definert mål.
  • Vi må sjå til at alle deltakarane har same forståing av arbeidsoppgåva.
  • Vi må undersøkje om gruppemedlemmene utfyller kvarandre (har ulik kompetanse).
  • Vi bør fordele arbeidet tydeleg: Kven gjer kva, og når?
  • Vi må sørgje for at det er god balanse mellom oppgåver og tidsfristar.
  • Vi må sørgje for at gruppa har reglar for arbeidet.
  • Vi bør vise at vi er pålitelege, og at vi har tillit til dei andre.
  • Vi må sørgje for at alle kjem til orde og kan seie kva dei meiner.
  • Vi må skilje mellom sak og person viss det oppstår usemje.
  • Vi må sørgje for å ta avgjerder på ein demokratisk måte.
  • Vi må ha god kommunikasjon, med regelmessige møte.
  • Vi må ikkje feie problem under teppet eller la dei tårne seg opp.
  • Vi må prøve å halde ein passeleg uformell tone i gruppa. Fleip kan fort bli til mobbing.
  • Vi må ikkje tillate hetsing, sarkasmar eller nedlatande haldningar.
  • Vi må praktisere openheit og ikkje halde noko hemmeleg for andre.
  • Vi må ikkje la nokon få dominere eller kontrollere andre.
  • Vi må ikkje gi nokon større fordelar eller meir attraktive oppgåver enn andre.
  • Vi bør gjere noko saman som ikkje har med jobben å gjere.
  • Vi må ta vel imot nye medlemmer og gi dei tid til å bli kjende.

Utfordringar til deg

  1. Nemn minst seks faktorar du meiner kan bidra til at vaksengruppa fungerer bra. Grunngi svaret ditt.
  2. Kvifor er det spesielt viktig at vaksengruppa fungerer i ein barnehage, ein skule eller ei skulefritidsordning?
Sist oppdatert 10.10.2021
Skrive av Einar Gjærevold, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid

Læringsressursar

Grupper og kommunikasjon