Korleis er eksamensoppgåvene utforma?
Eksamensoppgåva består gjerne av eit breitt tema som dekker mange av kompetansemåla i naturfag. Saman med oppgåva frå du ei liste med forsøk eller andre praktiske oppgåver.
Du bruker førebuingstida til å setje deg inn i det temaet du har fått, og det forsøket du har valt.
Oppgåve 1. Teknologi og berekraft
Du skal utforske og presentere teknologi knytt til informasjonsteknologi og medieproduksjon og vurdere han i eit berekraftsperspektiv.
Aktuelle stikkord
- Kva er teknologi? Gi døme.
- Korleis blir den aktuelle teknologien brukt i utdanningsprogrammet ditt?
- Kva fordelar gir denne teknologien?
- Vurder kva positiv og negativ innverknad teknologien kan ha på ei berekraftig utvikling.
- Kan teknologien knytast til eitt eller fleire av berekraftsmåla?
- Foreslå moglege forbetringar av teknologien.
Forsøk
Forslag til forsøk
Den praktiske delen i denne oppgåva kan bestå i å bruke den aktuelle teknologien når du presenterer og diskuterer oppgåva.
Kompetansemål i læreplanen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv
utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar
risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
Oppgåve 2. Helse og livsstil
Vel eit aktuelt helse- og livsstilsspørsmål som du drøftar, eller ta utgangspunkt i ein av casane i artikkelen Livsstilsvanar hos norske ungdommar.
Presenter det du finn ut.
Tips!
I artikkelen Livsstilen din ligg det eit rekneark som inneheld resultat frå ei stor undersøking om livsstilen til ungdom.
Vel deg ut eitt eller nokre få område som du undersøker nærare. Lag grafiske framstillingar, og presenter det du finn ut.
Aktuelle stikkord
- Kva blir meint med helse?
- Kva er livsstil?
- Kva er samanhengen mellom helse og livsstil?
- Kva meiner du kjenneteiknar god helse?
- Kvifor er spørsmålet du har valt, aktuelt?
Korleis kan du kople spørsmålet til andre kompetansemål i læreplanen?
Forsøk
Forslag til forsøk
Forsøk: Påvising av monosakkarid
Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk
Kompetansemål i læreplanen
drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjon frå ulike kjelder er
gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv
risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
Oppgave 3. Stråling
Lag ei problemstilling eller oppgåve om stråling, eller ta utgangspunkt i casen under.
Case: Nabo som er skeptisk til stråling
Tenk deg at du har ein nabo som har store helseplager. Vedkommande meiner dette kjem av stråling frå trådlause nettverk, og hen vil at alle naboane skal skru av dei trådlause netta sine og gå over til kabla internett. Foreslå moglege løysingar på denne situasjonen.
Aktuelle stikkord
- Beskriv nokre sentrale bølgefenomen.
- Forklar hovudprinsippa for trådlaus kommunikasjon.
Gi døme på kva slik teknologi blir brukt til.
- Ta utgangspunkt i påstandar om stråling og diskuter desse med bakgrunn i fagkunnskap, gjerne kopla til nokre av forsøka i lista under.
Kompetansemål i læreplanen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar
utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv
risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
beskrive ulike typar elektromagnetisk stråling og gi døme på korleis stråling blir nytta i trådlaus kommunikasjon
Oppgåve 4. Mat og helse
Framfor deg har du eit utval matvarer (til dømes mjølk, sukker, mjøl, potetmjøl, olivenolje, eple, eggekvite).
Planlegg eit forsøk der du skal undersøke innhaldet av eitt eller fleire næringsstoff i desse matvarene (til dømes påvise stivelse eller protein).
Aktuelle stikkord
- Forklar og vis korleis du vil gjennomføre eit slikt forsøk.
- Korleis vil du gå fram for å risikovurdere forsøket?
- Kva gjer du med eventuelt avfall frå forsøket?
Kva blir meint med næringsstoff?
Vel eitt eller fleire næringsstoff. Forklar korleis dei er bygde opp, kva som skjer med dei i kroppen, og kva som kan vere gode kjelder til desse næringsstoffa.
Gjer kort greie for funksjonen til det næringsstoffet / dei næringsstoffa du har valt.
Forklar og vis korleis du kan påvise desse næringsstoffa.
- Kva meiner vi med eit variert kosthald?
- Kva er samanhengen mellom kosthald og helse?
- Kommenter påstanden "Det er ikkje berekraftig å ete kjøtt", eller finn ein annan påstand om kosthald og vurder kor påliteleg han er.
Forsøk
Forslag til forsøk
Forsøk: Påvising av monosakkarid
Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk
Kompetansemål i læreplanen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv
drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjon frå ulike kjelder er
- risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
Oppgåve 5. Presenter ei sjølvvald problemstilling
I løpet av skuleåret har du jobba med ei sjølvvald problemstilling. Presenter det du har funne ut, og argumenter for den metoden du valde å bruke.
Aktuelle stikkord
- Kvifor valde du denne problemstillinga?
- Kva hypotesar har du jobba med?
- Korleis undersøkte du om hypotesane stemde?
- Kva fann du ut?
- Korleis heng det du har funne ut, saman med andre emne i naturfag og andre fag?
- Korleis er det du har funne ut, relevant for utdanningsprogrammet ditt?
Forsøk
Forslag til forsøk
Ta utgangspunkt i forsøk og praktiske oppgåver du har jobba med i samband med dette prosjektet.
Kompetansemål i læreplanen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar
utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv
risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
Oppgåve 6. Lyd og bølgefenomen
Lag ei problemstilling knytt til lyd og bølgefenomen.
Aktuelle stikkord
- Kva er forskjellen mellom bølger og stråling?
- Kva er lyd?
Gi ei oversikt over eigenskapar ved bølger og ulike bølgefenomen. Bruk gjerne figuren som støtte når du forklarer.
Teknologi knytt til lyd og bølgefenomen i daglegliv og yrke.
Kompetansemål i læreplanen
utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv
risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
beskrive ulike typar elektromagnetisk stråling og gi døme på korleis stråling blir nytta i trådlaus kommunikasjon
utforske bølgjefenomen knytte til lyd og akustikk
Kjelder
Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i naturfag (NAT01-04). Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nat01-04
Viken fylkeskommune. (2022, 21. januar). Muntlig-praktisk eksamen i Naturfag – Eleveksamen. https://viken.no/tjenester/skole-og-opplaring/eksamen-og-vitnemal/eksamen-for-elever/gjennomforing-av-eksamen/rammedokumenter-for-eleveksamen-i-lk20/muntlig-praktisk-eksamen/muntlig-praktisk-eksamen-i-naturfag-eleveksamen.128060.aspx