Hopp til innhald

Fagstoff

Førebuing til leksjon 11

Idrettsutøver på en gangbro. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

第十一课:体育锻炼
准备

Dette bør du kjenne til på førehand:

  • korleis du subjektivt beskriv ei handling
  • korleis du uttrykkjer at du liker noko eller ikkje
  • korleis du samanliknar
  • korleis du gjer ein avtale

Dette skal du lære:

Kommunikasjon

  • å uttrykkje kjensler i samband med ein idrettskonkurranse
  • å snakke om kva idrett du liker å sjå på
  • å snakke om treningsvanane dine og kva idrett du liker å drive med
  • å uttrykkje at du har eit anna syn på ei sak
  • å uttrykkje at noko ikkje heilt kan måle seg med noko anna
  • å uttrykkje at ei handling eller ein tilstand blir igangsett eller innleidd
  • å uttrykkje at ei handling eller ein tilstand held fram eller varer ved
  • å bruke spørjeuttrykk som uspesifiserte nomen
  • å beskrive ei handling objektivt

Språk, samfunn og kultur

  • idrett og helse

Før du startar, skal du tenkje gjennom dette:

  • Kva idrettar liker folk å sjå på i Noreg?
  • Kva idrettar liker folk å drive med sjølv i Noreg?
  • Kva idrettar trur du folk liker å sjå på i Kina?
  • Kva idrettar trur du folk liker å drive med sjølv i Kina?

Relatert innhald

Slik snakkar du om idrett på kinesisk.

CC BY-SASkrive av Ole Fossgård.
Sist fagleg oppdatert 01.07.2017

Læringsressursar

Leksjon 11: Idrett