Produktivitet og kvalitetsstyring (TP-TIP vg1)
Felles programfag saman med:Konstruksjons- og styringsteknikk (TP-TIP vg1)ogProduksjon og tenester (TP-TIP vg1)
Kommunikasjon
Alle menneske har behov for kontakt med andre og for å dele tankar, erfaringar, følelsar og ønske. Denne kontakten og utveksling av informasjon kallar vi kommunikasjon. Dei som deltek i ein diskusjon, må samarbeide. Dei må vere ærlege med kvarandre og gjere sitt beste for å forstå kvarandre rett.
Ekstern kommunikasjon
Med ekstern kommunikasjon meiner vi kommunikasjon med andre utanfor bedrifta du jobbar i. Det kan vere kundar, leverandørar, brukarar eller pårørande. Då er det viktig å representere arbeidsplassen din på ein god måte.