Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Produksjonsprosessen i dokumentarfilmen Pøbler

Korleis skriv du manus til ein dokumentarfilm? Korleis regisserer du "ekte" personar? Finn ut korleis regissør Kari Anne Moe jobba med manus, casting og regi på dokumentarfilmen Pøbler, og få tips til ditt eige arbeid med dokumentarproduksjon.

Spørsmål om manus

  1. Korleis beskriv regissør Kari Anne Moe manusprosessen sin?

  2. Kva er forskjellen på eit hendingsmanus (det første manuset) og eit klippemanus, og kvifor lagar ho begge delar?

  3. Vurder fordelar og ulemper ved å skrive manus på ulike stadium i produksjonsprosessen.

Spørsmål om casting

  1. Kva handlar casting om i dokumentarfilm, ifølge Moe?

  2. Korleis går ho fram for å finne dei rette personane?

  3. Er du einig i at medverkande i ein dokumentarfilm må ha x‑faktor, komme "gjennom skjermen" og vere lette å bli glade i?

Spørsmål om regi

  1. Kva handlar regi om i dokumentarfilm, ifølge Moe?

  2. Kvifor er det viktig for henne å bli godt kjend med dei som er med i filmen?

  3. Kva må du vere merksam på når du regisserer verkelegheita, tenker du?

Vil du vite meir?

Finn fleire videoar om produksjonen av Pøbler på nettsidene til NRK Skole. Du kan òg sjå dokumentarfilmen Pøbler.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2022

Læringsressursar

Dokumentarproduksjon