Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Klassen sitt filmbibliotek

Produser eit videoinnlegg om ein sentral epoke, film eller regissør frå filmhistoria. Publiser den ferdige videoen på ei felles digital tavle slik at alle i klassen ser innlegget til kvarandre.
Ein eldre mann, Alfred Hitchcock, står og peiker ned på ein yngre leande mann som sit ved sida av han, François Truffaut. Begge har på seg mørk dress. Svart-kvitt foto.

Kvifor er det smart å kjenne filmhistoria?

Har du kunnskap om dei mest sentrale epokane og regissørane frå filmhistoria, vil du lettare kjenne igjen stilmessige trekk som formar uttrykk i notida. Du vil òg få meir kunnskap om korleis du kan bruke verkemiddel og forteljeteknikkar i eigne produksjonar.

Oppgåveskildring

  • Alle i klassen vel, eller trekker ein epoke/film/regissør frå filmhistoria. Jobb åleine eller i par.

  • Start gjerne med ei felles idémyldring i klassen. Kva for nokre sentrale epokar, filmar og regissørar kjenner de til?

  • Bruk tid på å utforske epoken/filmen/regissøren din. Leit på nettet og finn gjerne relevante filmklipp. Hugs: Sitatretten gir deg lov til å gjenbruke korte klipp når det er nødvendig for å eksemplifisere det du vil klargjere eller kommentere. Det kan du lese meir om i fagartikkelen "Om sitatretten".

  • Lag manus, gjer nødvendige opptak og rediger elementa saman i eit eigna redigeringsprogram.

  • Krav: Videoinnlegget skal vere kort, opplysande og engasjerande. Det skal vere tre–fem minutt langt. Formatet kan vere MP4 med H.264. Den ferdige videoen lastar de opp på ei felles digital tavle kalla "Klassens filmbibliotek" (Talkwall eller Padlet kan brukast).

Sjekk ut epokar, filmar og filmfolk

Her er forslag til epokar, filmregissørar og filmar du kan studere nærare. Det finst mange fleire, dette er berre eit lite utval i tilfeldig rekkefølge. NB: Hugs å notere ned kvar du hentar kva frå, slik at du får ført kjelda korrekt i rulleteksten.

Epokar

Kvinnelege regissørar

  • Alice Guy-Blaché (den første kvinnelege filmregissøren i verda)

  • Anja Breien, Hustruer

  • Liv Ullmann, Kristin Lavransdatter

  • Nora Ephron

  • Sofia Coppola

  • Søstrene Wachowski

  • Kathryn Bigelow

  • Iram Haq

Mannlege regissørar

  • Alfred Hitchcock

  • Federico Fellini

  • Orson Welles

  • David W. Griffith

  • Martin Scorsese

  • Quentin Tarantino

  • Stanley Kubrick

  • Wes Anderson

  • Steven Spielberg

Filmar

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022

Læringsressursar

Dokumentarproduksjon