Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Studer forteljemåtar i dokumentarfilm

Utforsk forteljemåten og dramaturgien i ein dokumentarfilm, og samanlikn notata dine med andre.
Ungdommar ser på film på ein utandørs kino og et popkorn. Foto.

1. Finn ein film saman

Gå saman i grupper på tre til fire personar.

Vel ein av dei foreslåtte dokumentarfilmane i lista under, eller finn ein dokumentarfilm på NDLA film eller ei anna filmteneste. Sjå filmen åleine eller saman med gruppa, anten heime eller på skulen.

2. Individuelt arbeid

Ta notat mens du ser dokumentarfilmen. Forsøk å svare på desse spørsmåla:

  • Korleis er forteljemåten i filmen? Bill Nichols hevdar det finst seks ulike forteljemåtar: deltakande, observerande, foredragsaktig, poetisk, framførande og refleksiv.
    Følger filmen ein viss type stil, eller blandar filmskaparen forteljemåtar? Les meir i fagartikkelen "Forteljemåtar i dokumentarfilm".

  • Korleis er filmen bygd opp? Vurder dramaturgien. Er han lineær, lausriven, sirkelkomponert (at filmen byrjar og sluttar på same måte), inspirert av eller ?

  • Kva er bodskapen? Kva er hensikta og funksjonen til filmen?

  • Finn du andre typiske verkemiddel? Studer til dømes bruken av kamera, bilete, lys, lyd og klipping. Skil filmen seg frå andre dokumentarfilmar du har sett?

Ung kvinne viser nokre ark til ein ung mann. Fleire unge personar i bakgrunnen. Foto.

3. Samanlikn notata i gruppa

Samanlikn notata dykkar i gruppa. Diskuter forteljemåte, dramaturgi, bodskap og bruken av verkemiddel i dokumentarfilmen de har studert. Kva er de einige om, og kva er de ueinige i?

4. Presenter ein scene for klassen

Finn fram til ein scene i dokumentarfilmen som eksemplifiserer det de har diskutert i punkt 3. Vis klippet i klassen og forklar observasjonane dykkar grundig slik at dei andre kan lære av dykk.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2022

Læringsressursar

Dokumentarproduksjon