Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadsføringslova

Marknadsføringslova regulerer korleis og til kven bedrifter kan marknadsføre eit produkt. Lova skal verne forbrukarane mot urimelege salsmetodar. Ho regulerer òg konkurransen bedriftene imellom. Forbrukartilsynet er eit offentleg organ som har til oppgåve å føre tilsyn med at lova blir følgd.
Ung kvinne held opp ei flaske med ein logo på. Ho har òg ein logo på brystlomma på t-skjorta. I håret har ho ein spesiell type hårspenne. Det er ringa rundt desse med ein raud ring for å illustrere kva som er sponsa produkt. Til venstre i biletet står det skrive: REKLAME, @annonsør1, @annonsør2 og @annonsør 3. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva seier marknadsføringslova?

Marknadsføringslova set rammene for korleis produkt kan marknadsførast mot forbrukarmarknaden. Lova er òg styrande for kva avtalar bedrifter kan inngå med forbrukarar. Forbrukartilsynet er det offentlege tilsynsorganet som skal sørgje for at lova blir handheva.

Marknadsføringslova § 2 seier at marknadsføring ikkje må stri mot god marknadsføringsskikk, og i § 8 står det: "En handelspraksis er også villedende dersom det ikke tydelig opplyses om at handelspraksisen har et kommersielt formål og dette ikke allerede fremgår tydelig av sammenhengen."

Tenk over

  • Synest du det kan vere vanskeleg å skilje mellom redaksjonelt og på nettet?

  • Når du rullar gjennom Instagram-feeden din, klarer du straks å sjå kva som er betalt innhald?

God forretningsskikk

Med god forretningsskikk meiner vi den allmenne oppfatninga av korleis bedrifter bør opptre både overfor kundar (sjå kapittel 2 i lova) og overfor andre bedrifter (sjå kapittel 6).

Ifølge god forretningsskikk skal til dømes ikkje bedrifter utsetje forbrukarar for villeiande eller feilaktig produktinformasjon.

Reglane for god forretningsskikk bedrifter imellom seier særleg noko om korleis konkurrerande verksemder kan marknadsføre produkta sine.

Lytt til podkasten nedanfor

  • Kva blir i podkasten skildra som god forretningsskikk?

  • Kva døme på brot på god forretningsskikk blir nemnde?

Podkast om marknadsføringslova med advokat Morten Grandal:

Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Lover i marknadsføring

Nesten alle produkt og tenester er avhengige av marknadsføring for å nå ut til kundane. Men for at marknadsføringa ikkje skal kome heilt ut av kontroll, er det behov for lovgiving rundt dette. Det har...

0:00
-0:00

Marknadsføringslova § 25, òg kalla generalklausulen, seier at det i næringsverksemd ikkje må gjerast ei handling som strir mot god forretningsskikk næringsdrivande imellom. Brot på god forretningsskikk kan vere

  • etterlikning av produkt, katalogar, reklamemiddel og liknande
  • villeiande forretningsmetodar
  • negativ omtale av konkurrentane

God forretningsskikk inneber òg å ta samfunnsansvar og utøve god etikk.

Marknadsføringslova

Les meir i marknadsføringslova på Lovdata.no.

Urimeleg, villeiande og aggressiv marknadsføring

Marknadsføringslova § 6 omhandlar handelspraksis overfor forbrukarar. Paragrafen seier at urimeleg handelspraksis er forboden:

En handelspraksis er urimelig dersom den strider mot god forretningsskikk overfor forbrukere og er egnet til vesentlig å endre forbrukernes økonomiske atferd slik at de treffer beslutninger de ellers ikke ville ha truffet. […] En handelspraksis er alltid urimelig dersom den er villedende etter § 7 eller § 8, eller aggressiv etter § 9.

For at ein handelspraksis skal vere villeiande, må han vere feilaktig, uklar, uforståeleg eller tvitydig, ha lita skrift eller skjule vesentlege opplysningar.

Salsmarknadsføring

Når ei vare blir marknadsført med at ho blir seld til nedsett pris, har vi med salsmarknadsføring å gjere. Slik marknadsføring kan formulerast på mange måtar, til dømes med "før- og etter-prisar", "løp-og-kjøp-tilbod" eller "partivarer". Slike formuleringar gir forbrukaren eit inntrykk av at prisen er sett ned, og at dei får ein prisfordel ved å nytte seg av tilbodet. Marknadsføringa treng ikkje innehalde orda "sal" for at det skal vere salsmarknadsføring.

Utstillingsvindauge med utstillingsfigur og fleire produkt. Salsplakat der det står at det er halv pris på alle varer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lovkrava til salsmarknadsføring

Marknadsføringslova stiller krav om at opplysningar om prisfordelen må vere riktige, klare og fullstendige. Dersom opplysningane ikkje stemmer, blir marknadsføringa rekna som villeiande og dermed forboden etter lova.

Det blir ikkje rekna som ein prisfordel dersom eit produkt alltid er på tilbod, eller dersom butikken ikkje kan vise til ein reell førpris når dei marknadsfører ein etterpris. Då er dette òg ei form for villeiande marknadsføring som er forboden. Førprisen må kunne dokumenterast, og vara må ha blitt selt i ei visst mengd over ein viss periode til den lågaste prisen butikken eller kjeda legg til grunn som førpris.

Relatert innhald

Krav til påstandar

Påstandar i marknadsføringa om at produkt er berekraftige eller miljøvennlege, må kunne dokumenterast. Til dømes kan ikkje ein restaurant skrive at han tilbyr "lokal og kortreist mat" dersom dette ikkje er riktig. Det er heller ikkje lov å bruke utsegner, symbol, merkeordningar eller bilete som gir kunden eit inntrykk av at noko er sant når det i realiteten ikkje er det.

Om dette skriv Virke.no:

  • Påstandar om berekraft må vere korrekte, tydelege og balanserte.
  • Marknadsføringa skal i innhald og utforming gi eit korrekt og balansert heilskapsinntrykk.

  • Alle påstandar om faktiske forhold må kunne dokumenterast.

Ein maur ber på eit stor, grønt blad med symbolet for resirkulering på. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forbrukartilsynet og Marknadsrådet

Det er Forbrukartilsynet og Marknadsrådet som kontrollerer og sørger for at marknadsføringslova blir følgd. Dei skal føre kontrollen i samsvar med kapittel 7 i lova.

Handheving og kontroll

Les meir om dette i marknadsføringslova kapittel 7 på Lovdata.no.

Kvinne står mellom reolane i ein butikk, held ein deodorant og tek bilete av varedeklarasjonen på deodoranten med mobilkameraet sitt. Under armen held ho eit skjema. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelder

Marknadsføringslova. (2009). Lov om kontroll med markedsføring og avtalevilkår mv. (LOV-2009-01-09-2). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2009-01-09-2?q=markedsf%C3%B8ringsloven#KAPITTEL_1

Rettighetsadvokatene.no. (u.å.). Markedsføringsloven §25 – god forretningsskikk. https://www.rettighetsadvokater.no/lover/markedsforingsloven-paragraf-25-god-forretningsskikk/#1

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2024

Læringsressursar

Lovverk i marknadsføring