Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Planlegg design for papir og digitale flater

Fagartikkel

10 tips til design av digitale flater

Når du jobbar med design for digitale flater, må du setje søkjelys på brukarane og sørgje for at designen er nyttig og velfungerande. Du kan designe sjølv eller få hjelp av malar.

Dersom du jobbar med design for digitale flater, er det viktigaste å setje brukarane i sentrum og lage nyttig og velfungerande design. For å lage nettsider kan du til dømes bruke ferdige malar (såkalla templates).

Wordpress er ein stor leverandør av slike ferdige malar som du kan nytte deg av gratis. Dersom du bruker templates, får du ei ferdig designa nettside som i dei fleste tilfelle er brukarvenleg. Alt du treng å gjere, er å fylle nettsida med innhald.

Å bruke templates er lettvint og raskt, men passar dei idéen din? Dersom du kan kode litt, er det mogleg å endre på malane, viss ikkje kan dei fort verke lite medgjerlege og tunge å jobbe med. Då kan det vere like greitt å designe frå botnen og samarbeide med nokon som kan kode.

Skal du få interaktivt design til å fungere godt, er du avhengig av at brukarane forstår kva dei skal gjere og klarer å orientere seg i designen.

1 Lag god og tydeleg navigasjon

Vis brukarane kva dei kan gjere, og kva du ønskjer at dei skal gjere.

  • Gjer dei viktigaste knappane og skjemaa godt synlege.

  • Følg standardar og konvensjonar. Plasser knappar og informasjon der det er vanleg å ha dette.

  • Bruk kjende ord og symbol i navigasjonen.

  • Plasser menyar, søkjefelt, kontaktinformasjon og innhald der brukarane er vande med å finne det.

  • Minimer talet på val. Jo fleire alternativ, jo meir må brukaren tenkje. Dersom du treng meir enn seks menyalternativ, bør du lage underkategoriar.

  • Reduser talet på klikk, så du ikkje testar tolmodet til brukarane. "Treklikkregelen" seier at brukarane bør finne kva som helst gjennom maks tre klikkar.

  • Brukarane må alltid ha ein veg tilbake dit dei kom frå, så dei ikkje hamnar i såkalla dead ends.

2 Design velfungerande knappar

Vis at knappar er klikkbare og gjer dei lett tilgjengelege.

  • Vis eller fortel kva knappen kjem til å gjere.

  • Gi feedback når du beveger musa over knappen eller knappen blir klikka på, til dømes ved at han skiftar farge eller bevegar seg.

  • Knappar bør vere minst 1 cm høge slik at dei er lette å treffe.

  • Endre utsjånaden til besøkte lenkjer. Dersom brukarane kan sjå kvar dei har vore, slepp dei å klikke på same knapp fleire gonger.

3 Legg vekt på lesbarheit

For å få fram bodskapen bør teksten vere lett og rask å oppfatte.

  • Vel få og tydelege fontar med god lesbarheit.

  • Hald bakgrunnen enkel, slik at ikkje lesbarheita blir forstyrra.

  • Ha god lys-mørk-kontrast mellom tekst og bakgrunn.

4 Hald grensesnittet konsekvent

Kjensla og uttrykket må gjelde for alle sidene i appen eller på nettstaden din. Det betyr at du bør lage deg reglar for designen, ein designmanual, som bestemmer korleis logoar, ikon, knappar, fargar og fontar skal brukast.

Dersom brukaren kjenner seg igjen heile vegen, sikrar det ei positiv oppleving for brukaren.

5 Bruk rutenett til å byggje opp sidan

Eit fast rutenett som går igjen på alle sidene, gjer det lettare å orientere seg for brukarane. Eit fast rutenettoppsett vil òg gjere det lettare å organisere informasjonen og tilpasse designen til ulike skjermar.

Når ei nettside tilpassar seg skjermen du ser han på, anten det er ein telefon eller berbar pc, blir det kalla responsivt design.

6 Skap oversikt på sida

Ved å ha eit godt visuelt hierarki kan brukarane raskt få oversikt over innhaldet utan å lese all teksten.

  • Bruk godt med luft – i teksten og mellom tekst og andre element. Då blir det lettare å gruppere eller skilje element frå kvarandre.

  • Hugs at vi les frå venstre, og frå topp til botn. Legg det viktigaste øvst og mot venstre, så blir det raskare oppdaga.

  • Store tekstmengder kan du bryte med overskrifter, uthevingar eller punktlister.

  • Hugs å framheve det som er viktig.

7 Ta innhald på alvor

Det aller meste av innhaldet på ei nettside eller i ein app er tekstbasert. Det hjelper ikkje å ha flott design dersom innhaldet er dårleg. Innhald og design må fungere saman. Hugs at bilete, lyd og film òg er innhald.

Ofte er tekst i digital design kortare og meir konsis enn han er på papir.

8 Følg lover og reglar

Sørg for at du har avklart rettane til bilete, illustrasjonar, tekstinnhald, musikk og filmar som blir brukte på nettstaden eller i appen din.

9 Sjekk for feil

Vanlege feil du bør sjå etter, er døde lenkjer, skrivefeil og medieinnhald (bilete eller videoar) som ikkje blir rett lasta.

Sørg for å leggje inn "om oss", kontaktinformasjon og kanskje lenkjer til sosiale medium. Då kan brukarane sjå og vurdere kven som står bak, og kan kome i kontakt dersom dei har spørsmål eller kommentarar.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2021