Planlegg design for papir og digitale flater - Likt og ulikt i design for papir og digitalt - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Planlegg design for papir og digitale flater

Fagartikkel

Likt og ulikt i design for papir og digitalt

Når du jobbar med design, er det greitt å kjenne til forskjellen på grafisk design retta mot papirmedium og grafisk design for digitale flater.

Likskapstrekk i design for papir og digitale flater

Mykje av tankegangen rundt design er felles for papir og skjerm. Det gjeld mellom anna korleis designaren tenkjer om typografi, fargebruk, orden og komposisjon.

Begge delar handlar om visuell kommunikasjon og å skape meining gjennom bruk av tekst, bilete og symbol.

Forskjellar i design for papir og digitale flater

Vi snakkar om mottakarar og lesarar i design for papirmedium, og vi snakkar om brukarane i design for digitale flater.

Blikkfang og retning i visuell kommunikasjon

Papirmediet er ikkje interaktivt. Verken innhald eller uttrykk kan påverkast av brukaren. Det skal godt gjerast at mottakaren ikkje finn vegen ut av eit magasin eller mistar oversikta når dei ser på ein plakat.

Du gjer val og prioritering av fargar, fontar, symbol og komposisjonsprinsipp for ein heilskapleg, visuell kommunikasjon. Du ønskjer å fange blikk og interesse, styre blikkretninga til mottakar og få vedkomande til å studere bilete og lese utdjupande tekstar.

Hjelp til navigasjon

For appar og på nettsider må du tenkje på meir enn berre kommunikasjon av ein bodskap.

På digitale flater kan brukaren gå seg vill. Du må leggje vekt på struktur, og gjere det tydeleg kva som vil skje dersom brukaren trykkjer på menyar eller knappar. Brukarane må forstå kva dei kan gjere i designen.

Brukarane må få hjelp til å trykkje på lenkjer eller menyknappar for å opne og lukke sider, fylle ut spørjeskjema, spele av lyd- eller videosnuttar, skrolle på sidene eller zoome inn for å sjå nærare på noko.

Når du designar for digitale flater, må du først og fremst tenkje på interaksjonen til brukaren med skjermen og ta omsyn til navigasjon og funksjonalitet. Så kan du jobbe med å få designen til å sjå bra ut.

Digitale uttrykk

Digitale uttrykk finst i mange ulike variantar, men har det til felles at du må konsentrere deg om funksjonalitet, navigasjon og god brukaroppleving når du skal designe dei.

Døme på digitale flater du kan designe for, er

  • nettstader

  • appar

  • ulike sosiale medium

  • e-post (typisk nyheitsbrev og reklame)

  • banner til ulike digitale kanalar

  • infografikk

  • e-bøker

  • presentasjonar (som til dømes PowerPoint)

  • 3D-design (til dømes til spel og animasjonar)

  • pulsklokker, briller og anna utstyr vi har på oss

  • VR-briller

Tenk over

Vel eit par av dei digitale uttrykka. Korleis vil du sikre god funksjonalitet i designen av desse?

Skrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2021