Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Weniger Stress, bitte!

Viele junge Menschen erleben Stress – vielleicht auch du? Das Leben ist natürlich nicht immer einfach, aber oft kann man Stress reduzieren. Zum Beispiel durch Ordnung im Kopf.
Ei ung kvinne held seg til hovudet. Ho har auga lukka og prøver å slappe av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gedanken sortieren

im Kopf macht Stress, Ordnung reduziert den Stress. kannst du mehr Ordnung im Kopf : Du sortierst alle deine Gedanken und Probleme in vier Kategorien.

1: Das kann ich hier und jetzt lösen.

Dette kan eg løyse her og no

Det finst problem som kan løysast raskt og enkelt. Viss du til dømes tenker mykje på ei bestemt innlevering som du må få ferdig, kan løysinga vere å sette av konkret tid til jobbe med ho. Viss du lurer på om ein venn er sur på deg, kan du ta kontakt med vennen og spørje om de kan snakke saman.

2. Daran muss ich arbeiten.

Dette må eg jobbe med

Ofte kan du sjølv redusere stresset ved å endre vanar. Døme kan vere at du står opp litt tidlegare om morgonen for å få betre tid, eller at du legg bort mobilen når du gjer skulearbeid slik at du kan konsentrere deg betre. Slike endringar krev innsats over tid, men det er fullt mogleg å skaffe seg betre vanar.

3. Dazu brauche ich Hilfe.

Dette treng eg hjelp til

Ingen klarer alt aleine, og nokre gonger treng du hjelp frå andre. Ver flink til å søke støtte frå personar rundt deg! Viss du til dømes slit med ei lekse, kan du spørje ein forelder om hjelp, eller du kan bruke skuletilbodet om leksehjelp. Viss du har søvnproblem som ikkje vil gi seg, kan du snakke med helsesjukepleiar på skulen.

4. Damit muss ich leben.

Dette må eg leve med

Det er ikkje alt vi kan endre. Nokre gonger kan det vere betre å akseptere at det finst ting vi må leve med, enn å bruke tid og krefter på å irritere oss over dei. Det er til dømes bortkasta energi å irritere seg over at det er tentamensperiode på skulen, eller at du må dele rom med veslebroren din. Heldigvis det er lite som varer evig, og det meste endrar seg på sikt.

Übung 1

  1. Bruk eit omsettingsprogram til å sette om den korte teksten nedanfor til norsk.

  2. Samanfatt på norsk, og i éi setning, kva teksten handlar om.

  3. Gå gjennom omsettinga. Er det noko som høyrest usannsynleg eller merkeleg ut? Slå opp orda som du mistenker er sette om feil.

Johanna ist siebzehn Jahre alt und geht in die erste Klasse der weiterführenden Schule in Norwegen. Sie hat seit kurzem einen Freund, sie arbeitet neben der Schule und spielt dreimal in der Woche Fußball. Ihre Eltern streiten viel, und ihre beste Freundin hat neue Freundinnen gefunden. Johanna fühlt sich im Dauerstress und hat Schlafprobleme. Deshalb ist sie oft müde und kann sich in der Schule nicht konzentrieren.

Übung 2

Johanna har mange ting ho tenker på!

Sjå på dei tyske setningane og prøv å sette dei om – utan omsettingsprogram. Sjekk eventuelle tips, og gjett etter beste evne! Fasiten finn du bakpå kvart kort.

Übung 3

Det kan vere lurt å gjere denne øvinga saman med ein klassekamerat. To hovud tenker ofte betre enn eitt!

  1. Hjelp Johanna å sortere tankane sine! Kva kan ho løyse her og no, kva må ho jobbe med, kva bør ho be om hjelp til og kva må ho lære seg å leve med?

  2. Kva er det viktigaste rådet du vil gi Johanna?

  3. Er klassen einige om kva tankar som skal i kva boksar?

Übung 4

Eigene Gedanken sortieren

denkst du viel im Moment? Schreib auf Norwegisch odar Deutsch, und ordne deine Gedanken:

  1. Das kann ich hier und jetzt lösen.

  2. Daran muss ich arbeiten.

  3. Dazu brauche ich Hilfe.

  4. Damit muss ich leben.

Du treng ikkje dele tankane dine med andre. Formålet med øvinga er at du skal prøve ut metoden sjølv. Etter at du har skrive ned tankane dine, seier du (på tysk eller norsk) kva du synest om metoden.

Redemittel
  • Ich finde diese Methode (nicht) nützlich/wichtig.

  • Gedanken sortieren ist eine gute/schlechte/super Strategie.

  • Ich (nicht), dass mir diese Methode helfen kann.

  • Gedanken sortieren ist ein Start, aber Probleme verschwinden nicht .

  • Mein bester gegen Stress ist: ...

  • Ich kenne eine bessere Methode: ...

Übung 5

Tema stress: Øv på nokre ord og uttrykk som kan vere kjekt å hugse.

Vokabeln zum Thema Stress
  • der Stress
    stress

  • stressen – stresste – hat gestresst
    å stresse

  • gestresst
    stressa

  • Ich bin im Stress.
    Eg er stressa.

  • Ich fühle mich gestresst.
    Eg kjenner meg stressa.

  • Das stresst mich ziemlich / voll/ wahnsinnig.
    Det stressar meg ganske mykje / masse / noko vanvitig.

  • Ich lasse mich nicht stressen.
    Eg lar meg ikkje stresse.

  • Ich habe viel Stress in der Schule.
    Eg har mykje stress på skulen.

  • Ich habe Stress mit den Eltern.
    Eg har problem med foreldra.

  • Wie kann ich Stress reduzieren?
    Korleis kan eg redusere stress?

  • Wie kann ich Stress abbauen?
    Korleis kan eg bygge ned stress?

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik, Karl Henrik Aanesen, Camilla Øien og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2022

Læringsressursar

Das Leben meistern