Å snakke om klede – og vêr
Klede er noko praktisk som vi treng, men klesstilen vår fortel òg noko om kven vi er: sporty, avslappa, kreativ, motebevisst, miljøbevisst – det er mykje vi kan uttrykke gjennom kleda vi vel. I denne leksjonen lærer du å beskrive klede, å vurdere om dei passar og å seie kva du synest om dei. Du lærer også å fortelje korleis vêret er, og å nemne klesplagg som passar til ulike typar vêr.
Adidas og Puma
Adidas und Puma er to tyske sportsmoteleverandørar, og begge merka er verdskjente. Men veit du at historia om desse to storkonserna også er historia om to brør som blei bitre uvenner? Les om dei i denne leksjonen.
CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2018