Hopp til innhald

Fagstoff

Grunnleggjande omgrep og samanhengar

Geometrien byggjer på nokre grunnleggande geometriske definisjonar.
Tennisball som lander på linjen. Foto.

Punkt

Punkt

Eit punkt har ein bestemt posisjon, men det har inga utstrekning. Likevel teiknar vi punktet som ein prikk, eit kryss eller liknande, slik at det blir synleg for oss. Det er vanleg å bruke store bokstavar når vi gir namn til punkt.

Linje

Ei rett linje, eller berre ei linje, består av uendeleg mange punkt. Linja har ei uendeleg utstrekning i begge retningar. Ho krummar ikkje. Vi seier at linja har ei uendeleg utstrekning i éin dimensjon. Vi teiknar ei linje som ein tynn strek. Det er vanleg å bruke små bokstavar når vi gir namn til linjer.

Linje
Opne bilete i eit nytt vindauge

Linjestykke

Linjestykke
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit linjestykke er ein del av ei linje og er avgrensa av to endepunkt. Vi gir vanlegvis eit linjestykke namn ut frå endepunkta, men det et også vanleg å bruke små bokstavar som namn. Linjestykket til høgre er avgrensa av punkta A og B.
Vi kan gi linjestykket namnet AB, eller til dømes c.

Stråle

Stråle
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein stråle er ein del av ei linje og er avgrensa av eitt endepunkt. Strålen har uendeleg utstrekning i éi retning.

Skjering mellom linjer

Skjæring mellom linjer
Opne bilete i eit nytt vindauge

To linjer skjer kvarandre dersom dei har eitt felles punkt.

Plan

To linjer som skjer kvarandre spenner ut eit plan. Eit plan har uendeleg utstrekning i to dimensjonar. Vi kan tenkje på eit ark som eit utsnitt av eit plan.

I plangeometrien studerer vi linjer og punkt i eitt og same plan.

Parallelle linjer

Parallelle linjer
Opne bilete i eit nytt vindauge

To linjer i eit plan har anten eitt eller ingen punkt felles. Dersom linjene ikkje har eitt felles punkt, er dei parallelle.

Når to linjer a og b er parallelle, skriv vi a||b.

CC BY-NC-SASkrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 09.11.2018

Læringsressursar

Grunnleggjande omgrep og samanhengar