Hopp til innhald

Praktisk yrkesutøving (BA-BAT vg1)

Anleggsarbeidaren

Anleggsarbeidaren jobbar med fjell og lausmassar. Det blir brukt kraftige maskiner og utstyr. Sikkerheit i alt arbeid er derfor særs viktig. Det handlar også om omsyn til miljø, om tekniske løysingar og økonomi. Anleggsarbeidaren byggjer blant anna vegar, jernbane og tunnelar.

Vegar og plassar

Vegar og plassar er viktige delar av det systemet vi har for transport og opphald utandørs. I dag handlar det om alt frå motorvegar til gardsplassar. Dei kan vere dekt med asfalt, betong, brustein og belegningsstein.