Hopp til innhald

Praktisk yrkesutøving (BA-BAT vg1)

Yrkesutøving

For at vi skal byggje hus, vegar, kraftverk og alt anna vi har behov for, trengst det mange forskjellige yrke. Her presenterer vi mange av yrka. Du får vite kva dei forskjellige handverkarane gjer. Vi viser noko av den grunnleggjande kunnskapen som trengst for å arbeide i byggjebransjen.

Anleggsarbeidaren

Anleggsarbeidaren jobbar med fjell og lausmassar. Det blir brukt kraftige maskiner og utstyr. Sikkerheit i alt arbeid er derfor særs viktig. Det handlar også om omsyn til miljø, om tekniske løysingar og økonomi. Anleggsarbeidaren byggjer blant anna vegar, jernbane og tunnelar.