Hopp til innhald
Fagartikkel

Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova skal bidra til å sikre eit godt arbeidsmiljø, med trygge og rettferdige tilsetjingsforhold. Ho skal sikre eit inkluderande arbeidsliv og samarbeid mellom arbeidstakarar og arbeidsgivarar.

Arbeidsmiljølova

Formålet med lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova) er å gi alle arbeidstakarar i Noreg eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsmiljøet skal verne arbeidstakarane mot fysiske og psykiske skadeverknader. Lova skal dessutan sikre trygge tilsetjingsforhold og likebehandling i arbeidslivet. Vidare seier lova at ein skal leggje rette for tilpassingar i arbeidsforholdet med utgangspunkt i føresetnadene og livssituasjonen til arbeidstakaren.

Når du er i jobb som kokk, ernæringskokk, servitør eller ferskvarehandlar, gjeld arbeidsmiljølova for deg. I arbeidsmiljølova står det kva krav det blir stilt til arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. I tillegg beskriv lova kva rettar du har, og korleis du pliktar å medverke til eit godt arbeidsmiljø på arbeidsplassen.

Trygg arbeidsplass

For å vareta tryggleiken til dei tilsette skal arbeidsgivaren sørgje for at det blir utført systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS) på arbeidsplassen. Arbeidsgivaren skal gi alle tilsette opplæring i helse, miljø og sikkerheit. Målet er at alle dei tilsette skal kunne setje seg inn i systema som blir nytta på arbeidsplassen, og utføre jobben på ein trygg måte. Dei tilsette skal kjenne til kva rutinar og reglar som gjeld i verksemda, og medverke til at tiltak blir gjennomførte.

Som arbeidstakar pliktar du å bidra aktivt til å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø. Dette er nokre av pliktene dine:

  • Du skal nytte påbode verneutstyr, vise varsemd og elles medverke til å hindre ulykker og helseskadar.
  • Du skal straks gi beskjed til arbeidsgivar eller verneombod dersom du blir merksam på feil eller manglar som kan medføre fare for liv eller helse, og dersom du ikkje sjølv kan rette på forholdet.
  • Du skal òg gi beskjed til arbeidsgivar eller verneombod dersom du blir kjend med at det skjer trakassering eller diskriminering på arbeidsplassen.
  • Du skal avbryte arbeidet dersom du meiner at det ikkje kan halde fram utan å medføre fare for liv eller helse.

Som arbeidstakar har du rett til å varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Dette kan til dømes handle om fare for liv og helse, klima og miljø, korrupsjon eller eit uforsvarleg arbeidsmiljø. Rett til å varsle betyr ikkje det same som at du har plikt til å gjere det. Når du har ansvar for liv og helse for andre, er det viktig å tenke på at brukarar kan vere avhengige av at dei tilsette gir beskjed dersom det er kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen som gjer at drifta ikkje er forsvarleg.

Verneombod

Arbeidsplassar med meir enn fem tilsette skal ha eit verneombod. Verneombodet skal vareta interessene til arbeidstakarane i saker som gjeld arbeidsmiljøet. Verneombodet skal sjå til at verksemda er innretta og halden ved like, og at arbeidet blir utført på ein slik måte at omsynet til arbeidstakarane si sikkerheit, helse og velferd blir vareteke i samsvar med føresegnene i arbeidsmiljølova.

Arbeidsmiljøutval

I bedrifter som jamleg sysselset minst 30 arbeidstakarar, skal det vere eit arbeidsmiljøutval, der arbeidsgivaren, arbeidstakarane og bedriftshelsetenesta er representerte. Det skal òg bli oppretta arbeidsmiljøutval i verksemder med mellom 10 og 30 arbeidstakarar når ein av partane krev det. Arbeidsmiljøutvalet skal arbeide for å få gjennomført eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i verksemda. Utvalet skal delta i planlegginga av verne- og miljøarbeidet, og nøye følgje utviklinga i spørsmål som gjeld arbeidstakarane si sikkerheit, helse og velferd.

Arbeidstid

Arbeidsmiljølova inneheld detaljerte føresegner om arbeidstid. Den vanlege arbeidstida må som hovudregel ikkje overstige ni timar i løpet av 24 timar, og 40 timar i løpet av sju dagar. I arbeidsmiljølova er det òg føresegner om overtid og pausar.

Permisjon

Arbeidsmiljølova inneheld reglar for rett til ulike typar permisjon. Arbeidstakarar har rett til svangerskapspermisjon, omsorgspermisjon, fødselspermisjon og foreldrepermisjon. Vidare gir lova rett til permisjon ved sjukdom hos barn eller barnepassar og rett til permisjon i 60 dagar for den som pleier nærståande i sluttfasen av livet.

I arbeidsmiljølova finn du òg reglar om utdanningspermisjon og dessutan permisjon ved pliktig og frivillig militærteneste.

Vern mot diskriminering

Arbeidsmiljølova slår fast at det er forbod mot diskriminering. Både direkte og indirekte diskriminering på grunn av politisk syn, medlemskap i arbeidstakarorganisasjon eller alder er forbode. Trakassering og instruks om å diskriminere personar av slike grunnar blir òg rekna som diskriminering. Desse føresegnene gjeld òg når det går føre seg diskriminering av ein arbeidstakar som jobbar deltid eller er mellombels tilsett.

Reglar om diskriminering på andre grunnlag enn dei som er omtalte ovanfor, er samla i likestillings- og diskrimineringslova. Denne lova gjeld for alle samfunnsområde, også for arbeidslivet.

Arbeidskontrakt og sluttattest

I arbeidsmiljølova står det at du har krav på ein skriftleg arbeidsavtale. Alle som jobbar, skal ha skriftleg arbeidskontrakt, same kor kort eller lang tid jobben varer. I kontrakten skal det stå kor mykje du skal jobbe, kva løna di skal vere, og kva slags arbeid du skal utføre.

Du har òg krav på skriftleg sluttattest. I arbeidsmiljølova er det reglar for kva ein attest skal innehalde. Attesten skal mellom anna fortelje kva du har gjort, og kor lenge du har jobba i bedrifta.

Spørsmål til deg

  1. Kva meiner du er ein trygg arbeidsplass?
  2. Kven gjeld arbeidsmiljølova for?
  3. Kvifor er det viktig at du kjenner til føresegnene i arbeidsmiljølova?
  4. Kvifor er det viktig å ha ein arbeidskontrakt?

Kjelde

Arbeidsmiljølova. (2005). Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (LOV-2005-06-17-62). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2005-06-17-62

Relatert innhald