Introduksjon
CC BY-SA 4.0Evna til å skape og utvikle idéar står sentralt i arbeidet med medieuttrykk og kommunikasjon. I denne læringsstien kan du lære deg ulike stategiar og teknikkar for idéutvikling.
Når du har arbeidd deg gjennom denne læringsstien, skal du kunne
- forstå kva ein idé er
- kjenne til døme på korleis kreativ tenking har bidrege til nye idéar
- forstå kvifor bruk av teknikkar for idéutvikling er viktig
- bruke ulike teknikkar for idéutvikling