Analyser din eigen kommunikasjonsstil
Oppgåve 1
Lytt til videoforelesinga om Joharis vindauge.
- Kva er grunntydinga av ordet "kommunikasjon"?
- Kva for føresetnader må vere til stades for å oppnå god kommunikasjon?
- Kva ligg i omgrepet "vårt offentlege sjølv"?
- Kva ligg i omgrepet "vårt løynde rom"?
Oppgåve 2
Firefeltsskjemaet Joharis vindauge blei utvikla på 1950-talet av psykologane Joseph Luft og Harrington Ingham. Bruk firefeltsskjemaet Joharis vindauge til å analysere din eigen kommunikasjonsstil. Ver ærleg mot deg sjølv.
- Er du ein open person, ein spørjande person, ein synsar eller ein musling?
- Kva for kommunikasjonsstil ønskjer du eigentleg å ha?
- Kva for sider av deg sjølv må du, ifølgje Joharis vindauge, utvikle for å endre kommunikasjonsstilen din?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2018