Casar om klassemiljø
Alle bør ha ein bra skulekvardag. Her er eit utval casar som lærar og elevar kan jobbe med for å sikre eit godt miljø og vere i forkant før uheldige ting kan oppstå.
Jobb førebyggjande med å få eit godt og trygt klassemiljø, slik at du og dine medelevar får ein god skulekvardag. Her er ei rekkje casar som de kan ta stilling til tidleg i skuleåret.
Kva er di rolle i klassen? Korleis kan vi alle bidra til eit godt klassemiljø?
Organisering
Reflekter over temaa aleine og i grupper. Start aleine og samle dykk så i grupper der de snakkar om temaa. Det kan vere somme tema som er sensitive, så det er lurt å velje ein måte å jobbe med casane på som ivaretek elevane.
Framgangsmåte når de jobbar med casane
- Jobb først med "Casar del 1 " éin og éin. Skriv stikkord.
- Samle dykk i grupper og ta for dykk casane saman. Vel ein referent på gruppa.
- Lærar samlar inn referata eller tek ein felles gjennomgang i plenum der gruppene presenterer det dei har snakka om.
- Lærar samanfattar og kvalitetssikrar svara og deler med elevane. Bruk dette gjennom året viss det oppstår problemstillingar knytte til casane.
- Viss det er tid, så kan de jobbe med eit utval av casane i "Casar del 2". Bruk same framgangsmåte. Byt grupper.
Casar del 1
Start med å reflektere over spørsmåla under individuelt. Skriv inn stikkord.
Casar del 2
Her er fleire casar de kan jobbe med. Vel ut eit par av desse. Vel anten ut frå bildet eller lista under.
Casar del 2
Kva gjer du viss
- du føler at du ikkje kan seie noko høgt i klassen?
- det er låg interesse for fag og skule i klassen, og du eigentleg er interessert i begge delar?
- du er på gruppe med nokon som tek regi og overkøyrer dei andre?
- du er på gruppe med nokon som er mykje borte, eller bidreg lite?
- du har ein vanskeleg dag og eigentleg ikkje vil dra på skulen?
- du ser at nokon har det vanskeleg?
- du føler at du blir halden utanfor?
- du skulle ønskje at de i klassen hadde eit bedre miljø?
- du ønskjer å bli betre kjent med nokon i klassen?
- du slit med å forstå tema, oppgåver eller undervisninga?
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2019