Hopp til innhald

Eigenvurdering

Kriterium for måloppnåing – Superportrettet

Kriterium for måloppnåing

Låg måloppnåingMiddels måloppnåingHøg måloppnåing
Eg kunne ha jobba meir systematisk med idéutvikling og/eller komme fram til ein meir spennande idé.Eg har følgt råda i KFK-modellen og jobba fram ein ok idé. Eg kjenner til dels fasane i modellen.Eg har brukt KFK-modellen til å jobbe fram ein god idé. Eg kjenner og kan bruke alle fasane i modellen
Eg er usikker på korleis eg bruker manuell kamerainnstilling for ISO, blendaropning og lukkartid. Eg veit ikkje korleis eg får stor og liten djupneskarpleik eller korleis eg frys eit bilete.Eg har til dels kontroll på manuell kamerainnstilling for ISO, blendaropning og lukkartid. Eg veit noko om korleis eg får stor og liten djupneskarpleik, og korleis eg frys eit bilete.Eg har kontroll på manuell kamerainnstilling for ISO, blendaropning og lukkartid. Eg veit korleis eg får stor og liten djupneskarpleik, og korleis eg frys eit bilete.
Eg er usikker når det gjeld dei fem grunnleggjande komposisjonsprinsippa, og/eller eg har ikkje brukt dei medvite i portrettet mitt.Eg kan ein del om dei fem grunnleggjande komposisjonsprinsippa, men eg kunne ha brukt fleire av dei i portrettet mitt.Eg kjenner godt til dei fem grunnleggjande komposisjonsprinsippa, og eg har brukt fleire av dei i portrettet mitt.
Eg er lite medviten på kva eg formidlar til målgruppa, og eg har ikkje reflektert over kva grep eg har gjort for å lage dette portrettet.Eg har nokre tankar om kva eg har ønskt å formidle til målgruppa, og eg kan seie litt om kva grep eg har gjort for å lage eit portrett av medeleven min.Eg har vore svært medviten om kva eg har ønskt å formidle til målgruppa, og eg har kontroll på kva grep eg har gjort for å få fram personlegdomen til medeleven min.
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2016

Læringsressursar

Tverrfaglege tema i medium og kommunikasjon vg1