Oppgåve
Tiltak ved framandlekam i luftvegane
Barn, eldre og svekte er spesielt utsett, men ein framandlekam kan òg skade unge og friske. Framandlekam i luftvegane kan vere livstrugande, derfor er det viktig å kjenne til og meistre tiltak som kan bidra til å redde liv.
- Det finst ulike metodar for å få laus ein framandlekam i halsen. Finn ulike metodar, og beskriv dei.
- Beskriv kva små barn typisk kan setje i halsen.
- Beskriv ulike tiltak du meiner kan vere nyttige for å førebyggje at barn set noko i halsen.
- Finn ut om det er nokre aldersgrupper der vi ikkje nyttar Heimlichs manøver.
- Viss ein skal nytte Heimlichs manøver, er det viktig å vite korleis ein skal gjere det. I denne øvinga skal du ikkje gjere det, men du skal peike og forklare korleis du ville gjennomført Heimlichs manøver på medelev.
- Forklar ein medelev om andre metodar enn Heimlichs manøver som kan nyttast viss nokon har sett ein framandlekam i luftvegane.
Relatert innhald
Fagstoff
Framandlekam i luftveganeEin framandlekam i luftvegane kan raskt føre til ein svært kritisk situasjon. Lær førstehjelpstiltak du bør kunne.