Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hugseregel for den første undersøkinga

BLÅS er hugseregelen for å vurdere situasjonen og kva hjelp personen treng. Ved å nytte denne hugseregelen startar du med det som bør undersøkjast først. Det kan særleg vere nyttig når du er stressa, for då kan hugseregelen hjelpe deg til å gjennomføre undersøkinga på ein best mogleg måte.
Ein person ligg på magen ved sida av vegen med føtene i vegbanen. Vi ser berre underkroppen og beina. Personen har joggesko og treningstøy. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Gjer greie for kva du skal gjere ved dei ulike ledda i pasientundersøkinga BLÅS.
  2. Test deg sjølv i den interaktive oppgåva under.

Gruppeoppgåver

Sjå på biletet, les situasjonsskildringa, og gjer oppgåvene under.

Mann som sit på ein benk på ei strand. Hovudet hans heng framover, og han sit litt skeivt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Situasjonsskildring

De er ein venegjeng som kjem ned til stranda. Ein mann sit på ein benk. Han sit litt rart, og de synest det verkar som om noko ikkje er normalt. De vel å gå bort til han og seie hei. Mannen sit heilt skeivt og gir dykk ingen respons når de snakkar med han. Ein av venene dine tek opp telefonen og varslar 113.

  1. Lag eit rollespel der den eine personen er mannen på stranda. Den andre personen skal gjennomføre BLÅS-undersøkinga.
  2. Byt roller i rollespelet, og gjennomfør på nytt.
  3. Evaluer gjennomføringa av rollespela.

    1. Kva har de lært?
    2. Kva fungerte bra?
    3. Var det noko som kunne vore gjort annleis?

Relatert innhald

Når du står overfor ein person som treng førstehjelp, må du først finne ut kor alvorleg situasjonen er.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2020

Læringsressursar

Førstehjelp