Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Identiteten min?

Kven er du? Dei enklaste spørsmåla kan ofte vere dei som er aller vanskelegast å svare på. Korleis vil du beskrive din eigen identitet, og korleis vil de beskrive kvarandre?

Oppgåve 1

Jobb éin og éin.

  1. Kva er identiteten din? Set opp ei liste med minst sju kjenneteikn på identiteten din.

  2. Er alle kjenneteikna du har komme fram til, like viktige, eller er somme viktigare enn andre?

Oppgåve 2

Jobb to og to.

  1. Set opp ei liste med minst sju kjenneteikn på identiteten til den du jobbar saman med.
  2. Samanlikn listene de har laga om kvarandre i oppgåva over, med listene de laga om dykk sjølv i oppgåve 1a. De skal først samanlikne dei to listene som beskriv den eine av dykk og deretter dei to listene som beskriv den andre. Kva likskapar og forskjellar finn de mellom dykkar eigne og den andre sine skildringar?

Oppgåve 3

Diskuter i grupper.

  1. Korleis blir identiteten din påverka av måten andre ser på deg?
  2. Bestemmer du over din eigen identitet? Grunngi svaret. Kva bestemmer du, og kva bestemmer du ikkje?
  3. Kvifor trur du det er så stort fokus på identitet i samfunnet vårt?
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2020