Introduksjon
CC BY 4.0
Når du har jobba med denne læringsstien, skal du
- ha skapt din eigen forteljing om 22. juli med arbeidstittelen "Vi må aldri gløyme!" til ei yngre målgruppe
- ha reflektert over kva etiske omsyn vi bør ta når vi lagar fiksjon av faktiske hendingar
- ha utforska og vurdert korleis ulike TV- og filmopplevingar om 22. juli bruker verkemiddel og forteljeteknikkar
- forstå kva TV- og filmopplevingar om 22. juli kan gjere med førestillingane våre om hendinga, og korleis desse kan bidra til kommunikasjon i samfunnet.