Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Eigenvurdering

Progresjon kjeldesøk

Bruk punkta og sjekk kor mykje du har fått med deg om kjeldesøk.
Tre ungdommar surfar ein laptop på ei bølgje. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Søk og navigasjon

Bruk punkta nedanfor til å vurdere ferdigheitene dine innan områda "Kjeldesøk og navigasjon".

Strålande

  • Du bruker presise fagomgrep, også på engelsk når det er nødvendig, og varierer søkjeord.
  • Du bruker systematisk "avansert søk" i fleire søkjemotorar og databasar.
  • Du planlegg kjeldesøket og dokumenterer søket ditt undervegs.
  • Du går deg ikkje bort i søket. Du tar deg heller pausar.

Kompetent

  • Du har oversikt over, og bruker, fagomgrep som søkjeord.
  • Du finn nye søkjeord og prøver også med engelske omgrep.
  • Du held fram søket og undersøkjer fleire kjelder for kvart søk.
  • Du kjenner til og bruker nokre søkjemotorar og databasar.
  • Du prøver å følgje planen for kjeldesøket og går tilbake til han viss du ramlar ut.

På veg

  • Du bruker nokre fagomgrep som søkjeord.
  • Du varierer bruk av søkjeord.
  • Du bruker nokre kjelder til å skaffe deg oversikt og nokre for å gå djupare inn i tema.
  • Du planlegg søket, men synest det er vanskeleg å følgje planen.
  • Du følgjer med på når du går deg bort og veit kva du skal gjere for å komme på sporet igjen.

Nybegynnar

  • Du gjer enkle søk på Google.
  • Du går deg ofte vill og avsluttar søket med uforetta sak.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge, Else Ness og Linda Røysi.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2021