Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Planlegg helsefremjande trening, vg3

Å trene er helsefremjande. For å lære meir om helsefremjande trening og finne ut kva for type trening som passar deg, skal du no planleggje, gjennomføre og evaluere di eiga trening.
To menn og ei kvinne trener på gressplen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Helse og fysisk aktivitet

1. Les sida Helse (ndla.no). Forklar kva helse er for deg.

2. Les sida Fysisk aktivitet (ndla.no).

  • Forklar kva fysisk aktivitet er.

  • Kva for tilrådingar finst for fysisk aktivitet? Vurder deg sjølv ut frå desse tilrådingane.

Eigentrening

3. Planlegg trening for ein periode på seks veker. Ta utgangspunkt i aktivitetar du liker, det skal vere meiningsfullt og helsefremjande for deg med utgangspunktet ditt.

  • Sett deg eit mål for perioden. Grunngi målet ditt. Målsetjinga må hengje saman med det du skriv i oppgåve 1 og 3. Les meir om dette på sida Målsetjing og motivasjon (ndla.no).

  • Lag ein periodeplan der du får med val av aktivitet, treningsmetode, intensitet og varigheit på øktene. Bruk gjerne malen nedst på denne sida.

4. Gjennomfør eigentreningsperioden, og skriv ein kort logg etter kvar økt om korleis det gjekk å gjennomføre økta.

5. Evaluer eigentreningsperioden. Grunngi kvifor du planla som du gjorde for at perioden skulle vere meiningsfull og helsefremjande for deg. Korleis fungerte det?

  • Fekk du gjennomført det du hadde planlagt?

  • Kva gjekk bra/dårleg? Kva var årsakene til det?

  • Nådde du målet ditt? Kvifor gjorde du (ikkje) det?

  • Kva har du erfart i løpet av denne perioden? Kva vil du ta med deg til seinare?

Aktuelle lenkjer

NDLA: Korleis planleggje trening?

NDLA: Testing

NDLA: Treningsprinsipp


Filer

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2021

Læringsressursar

Treningsplanlegging