Om faget (for læraren) - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Om faget (for læraren)

Her gir vi deg informasjon om korleis du finn fram i faget, kva faget inneheld, og tips du kan ha nytte av til planlegging og gjennomføring av undervisninga i faget.

Faget naturbasert produksjon og tenesteyting er utvikla i tråd med fagfornyinga 2020. Vi har teke utgangspunkt i både overordna og fagspesifikk del av læreplanen: kompetansemål, skildring av fagrelevans og sentrale verdiar, kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggande ferdigheiter.

Korleis finne fram i faget?

Når du går inn på utdanningsprogrammet naturbruk på hovudsida til NDLA, får du opp ein inngang for kvart enkelt programfag på vg1. Klikkar du deg inn på eit programfag, får du opp ei oversikt over emna i det aktuelle faget.

Går du inn i eit emne, finn du ei opplisting av fagartiklar og oppgåver som høyrer til emnet. Nokre av emna er delte opp i underemne. Då vil du finne artiklar og oppgåver når du klikkar deg vidare til dei enkelte underemna.

Øvst til venstre på kvar side finn du ein knapp med knappeteksten "Innhald". Til høgre for innhaldsknappen finn du språkveljaren og søkefunksjonen. Klikkar du på innhaldsknappen, får du ei menyoversikt over heile faget. Mange liker å bruke denne for å få oversikt over emna. Språkveljaren lar deg velje bokmåls- eller nynorskversjon av innhaldet, og søkefunksjonen kan du bruke til søk i faget og på heile ndla.no.

Det er òg mogleg å søke og sortere innhald etter kompetansemål. Det gjer du enklast ved å gå inn på fagframsida og klikke på det vesle ikonet "Vis kompetansemål" som er plassert rett under namnet på faget. Dette er ein funksjon vi tilrår å bruke for å finne aktuelt innhald.

Når du er inne i ein fagressurs, kan du velje "Vis kompetansemål" for å få opp korleis ressursen er kopla til læreplanen.

Innhald

I faget finn du fagartiklar, filmar og utforskande og yrkesretta oppgåver. Her må du velje ut ressursar som passar til elevgruppa og til årsplanen til skulen. Naturbruksskulane i Noreg er veldig ulike med ulikt naturgrunnlag i nærområdet sitt og med ulike naturbruksnæringar som det blir tilbode praksis i. Noko av fagstoffet er meint å vere grunnleggande for alle, mens anna fagstoff vil variere etter kva slags naturbruksproduksjon skulen har øvingar i.

Om dei ulike emna i faget

Naturgrunnlaget gir grunnleggande kunnskap om naturen som utgangspunktet for naturbruksnæringane i Noreg og er sterkt forankra i kjerneelementet "berekraftig bruk av natur".

Biologi er meint å gi grunnleggande kunnskap om biologien til plantar og dyr.

Velferda og helsa til dyr er eit emne som vart sterkare vektlagt i faget etter fagfornyinga.

Bygningar, motorar, maskinar og reiskap har ressursar om teknikk og tekniske innretningar som kan vere aktuelle på tvers av ulike naturbruksproduksjonar.

HMS: helse, miljø og sikkerheit er laga i samarbeid mellom yrkesfagredaksjonane i NDLA. Vi har delt det inn i HMS for eleven, HMS for arbeidstakaren og HMS for arbeidsgivaren. I tillegg har vi skilt ut sikkerheit som eit eige underemne. Stoffet om førstehjelp ligg i faget naturbasert næringsaktivitet sidan det er eit kompetansemål der.

Dokumentasjon og kvalitet inneheld malar for skriving av risikoanalyse, logg, dokumentasjonsverktøy og rapportar.

Partane i arbeidslivet er i fagfornyinga teke inn som eit kompetansemål i alle yrkesfag, og på naturbruk er det lagt inn i naturbasert produksjon og tenesteyting. Her har vi utarbeidd felles ressursar saman med dei andre yrkesfaga på NDLA.

Vidare i faget er det eitt emne for kvar av yrkesretningane innan naturbruk. Dei ligg i alfabetisk rekkefølge:

I desse emna er det biologiske grunnlaget for dei ulike naturbruksnæringane nærare omtalt. Emna tek for seg kunnskap om næringane, produkta og arbeidsoppgåvene innan dei enkelte produksjonane. Emna dekker mange av dei same kompetansemåla, men med utgangspunkt i ulike produksjonar. Her finn du stoff om dei produksjonane de har øvingar i på skulen din, eller du kan bruke ressursane til å gi elevane innblikk i andre naturbruksnæringar.

På tvers av fag

Dei to programfaga i naturbruk vg1 er knytte tett saman, og fleire av ressursane er merkte med kompetansemål på tvers av programfaga. Vi har valt å legge emnet Naturgrunnlaget i begge faga sidan naturressursane er utgangspunktet i begge fag.

Du kan òg la elevane jobbe med problemstillingar dei kan finne svar på ved å bruke ressursar frå fleire fag. Vi har samla fleire slike problemstillingar og casar i eit eige fag: Tverrfaglege tema. Det er fleire casar her som er svært aktuelle å jobbe med i samarbeid med fellesfag, til dømes mennesket sitt forhold til naturen og klimaendringar. Naturfag og programfaga på vg1 naturbruk har nokre samanfallande mål, og her kan det vere aktuelt med samarbeid mellom faga. Vi har òg ressursar som er merkte med kompetansemål i både matematikk og naturbasert produksjon og tenesteyting.

Støtte til læringsarbeid og planlegging

Metodane og tilnærmingane som er beskrivne i overordna del, gjeld alle fag, og det har vi i NDLA teke på alvor. Vi har derfor laga eit eige "fag" som vi kallar Verktøykassa. Der ligg det ressursar for elevar som kan vere nyttige i læringsarbeidet, og ressursar for lærarar som kan komme godt med i planlegging av undervisning.

Film

Naturbruk har ein del filmar som inngår i fagressursane. I tillegg minner vi om NDLA film. Her finn du både dokumentarar, spelefilmar og undervisningsfilmar sorterte etter emne.

Innspel og dialog

Vi ønsker å ha dialog med brukarane våre. Kom gjerne med innspel i Facebookgruppa NDLA naturbruk. Du kan òg bruke knappen "Spør NDLA" nedst på sidene våre dersom du har spørsmål eller innspel til innhaldet.

Skrive av Ragnhild Kjeldsen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2022