Tidsbruk
Læringsoppdraget skal gjennomførast i løpet av to veker. De arbeider i grupper på to i kvar bås.
Læringsmål
I dette oppdraget skal de installere eit antenneanlegg for mottak av digitale TV-signal frå RiksTV. Anlegget skal monterast som ope anlegg. I tillegg skal de kople opp eit heimekinoanlegg med surroundlyd.
Etter oppdraget skal du kunne:
- planleggje eige arbeid
- risikovurdere eige arbeid
- forklare komponentane og oppgåva deira i antenneanlegget
- teikne installasjonsskjema med symbol
- teikne blokkskjema
- bruke feltstyrkemålar for å stille inn ei antenne slik at du oppnår best mogleg signal
- forklare dei ulike typane antennekontakt som blir brukte, 1 dB, 7 dB og 14 dB
- forklare forskjellen mellom motstand og impedans, og kvifor det er nødvendig med impedanstilpassing
- plassere høgtalarar i eit heimekinoanlegg
- forklare korleis høgtalarar verkar, og korleis frekvensen påverkar utforminga av høgtalarar
Skildring av praktisk arbeid
- I ein einebustad skal det monterast eit antenneanlegg for Riks-TV.
- De skal finne den beste plasseringa av antenna.
- Deretter legg de kabel frå antenna til ein splittar.
- Frå splittaren skal det gå to greiner for antennesignal.
- Den eine greina skal ha éin antennekontakt, medan den andre skal ha to antennekontaktar.
- De skal lage heimekino i eit rom i huset. Her skal de plassere høgtalarar for å få eit best mogleg resultat.
CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2017