LAN (Local Area Network)
Eit lokalt datanettverk består av fleire digitale einingar som er kopla saman innanfor eit avgrensa område. Dette kan for eksempel vere nettverket i ei verksemd.
WAN (Wide Area Network)
Dette er eit datanettverk som går over eit større område, og det består av fleire lokale nettverk som er kopla saman. Eksempelvis kan dette vere fleire skuleavdelingar som er kopla saman.
PAN (Personal Area Network)
Eit personleg datanettverk gjer det mogleg å kople til personlege einingar innanfor ei kort rekkjevidde. Dette kan eksempelvis vere når vi koplar saman datamaskinen og telefonen.
MAN (Metropolitan Area Network)
Eit bydatanettverk består av fleire lokale nettverk som er kopla saman inne i ein by.
Tenarar og klientar
Ein klient er maskinvare eller programvare som har tilgang på ei teneste i eit nettverk. Desse tenestene finn vi på ein såkalla tenar (eng.: server). Ein tenar tilbyr éin eller fleire tenester på nettverket.
Nokre kjende nettverkstenester:
- fillagring (FS)
- utdeling av IP-adresser og nettverkskonfigurasjon (DHCP)
- handtering av domenenavn (DNS)
- handtering av brukarar, brukargrupper, datamaskinar og anna utstyr (AD)
- ruting mellom eksternt og internt nettverk (NAT)
- handtering av utskrifter (PS)
- offentleggjering av nettsider (IIS, Apache)
Dette er berre eit utval av kjende nettverkstenester som kan vere ein del av eit nettverk. Oppsett av og tilgang på ulike tenester vil variere ut frå brukaren sitt behov.
Standardar og protokollar
Når vi skal jobbe med datanettverk, er det viktig at vi held oss til standardane i bransjen. På denne måten sørgjer vi for at kommunikasjonen fungerer greit, at vi tek hand om tryggleiken, og at vi gjer det enklare og meir oversiktleg for dei vi jobbar saman med. Desse standardane blir som regel utvikla av arbeidsgrupper som består av enkeltpersonar eller verksemder frå IKT-bransjen. IEEE 802.3 er ei slik arbeidsgruppe, og dei jobbar i hovudsak med standardar for kabla nettverk.
IANA er ei anna slik gruppe. Dei har blant anna ansvaret for å ha oversikt over ulike kodar og tal som er knytte til protokollar. Ein nettverksprotokoll definerer reglar og konvensjonar for kommunikasjonen mellom ulike einingar i nettverk.