Hopp til innhald

Bygg og anlegg

    Yrkesutøving

    For at vi skal byggje hus, vegar, kraftverk og alt anna vi har behov for, trengst det mange forskjellige yrke. Her presenterer vi mange av yrka. Du får vite kva dei forskjellige handverkarane gjer. Vi viser noko av den grunnleggjande kunnskapen som trengst for å arbeide i byggjebransjen.

    Anleggsarbeidaren

    Anleggsarbeidaren jobbar med fjell og lausmassar. Det blir brukt kraftige maskiner og utstyr. Sikkerheit i alt arbeid er derfor særs viktig. Det handlar også om omsyn til miljø, om tekniske løysingar og økonomi. Anleggsarbeidaren byggjer blant anna vegar, jernbane og tunnelar.

    Omarbeiding og flytting av lausmassar

    All bygging startar med å gjere byggjetomta om til ein byggjegrunn. Tomta består anten av fjell eller lausmassar. Lausmassar er sand, stein og jord av alle størrelsar og typar. Vi bruker lausmassar av eigna kvalitet til å lage ein byggjegrunn.