Hopp til innhald

Bygg og anlegg

    Yrkesutøving

    For at vi skal byggje hus, vegar, kraftverk og alt anna vi har behov for, trengst det mange forskjellige yrke. Her presenterer vi mange av yrka. Du får vite kva dei forskjellige handverkarane gjer. Vi viser noko av den grunnleggjande kunnskapen som trengst for å arbeide i byggjebransjen.

    Tømraren

    Tømraren blir knytt til bygging av einebustader, tilbygg, garasjar og andre mindre trehus. I tillegg er tømraren å finne på dei fleste byggjeprosjekt. Her kan nemnast forretningsbygg, skular, idrettshallar, sjukehus og hotell.

    Lågenergihus

    Husa våre skal bruke så lite energi som mogleg. Energien vi bruker i hus, går for det meste til oppvarming. Husa skal halde på energien gjennom god isolering. Energien som blir brukt, skal styrast smart, vere berekraftig og fornybar. Huset kan òg produsere energi sjølv, ved hjelp av solceller.