Hopp til innhald

Bygg og anlegg

    Anleggsgartnar

    Som anleggsgartnar jobbar du med nyanlegg, drift og vedlikehald av alle typar uteanlegg. Ofte jobbar du saman med andre yrkesgrupper og kan ta del i byggjeprosjekt.


    Du nyttar deg mykje av naturmateriale som jord, plantar, stein og tre.

    Nyanlegg

    Parkar, hageanlegg, idrettsanlegg, kyrkjegardar, gågater, leikeområde og uteområde ved bustader eller offentlege bygg er døme på nyanlegg som anleggsgartnaren jobbar med. Grøne tak blir meir og meir vanleg. I dette emnet lærer du om nokre arbeidsoppgåver i samband med etablering av nye uteanlegg.