Hopp til innhald

Bygg og anlegg

    Anleggsgartnar

    Som anleggsgartnar jobbar du med nyanlegg, drift og vedlikehald av alle typar uteanlegg. Ofte jobbar du saman med andre yrkesgrupper og kan ta del i byggjeprosjekt.


    Du nyttar deg mykje av naturmateriale som jord, plantar, stein og tre.

    Drift og vedlikehald

    Anleggsgartnarar utfører arbeidsoppgåver knytte til stell og vedlikehald på etablerte uteanlegg heile året. Dei utfører alt frå å strø, klippe plenar og plukke søppel til å halde ettersyn med leikeområde, skjering av tre og buskar, utplanting av sommarblomstrar og vårarbeid i eit parkanlegg.