Hopp til innhald

Bygg og anlegg

    Kommunikasjon

    Alle menneske har behov for kontakt med andre og for å dele tankar, erfaringar, følelsar og ønske. Denne kontakten og utveksling av informasjon kallar vi kommunikasjon. Dei som deltek i ein diskusjon, må samarbeide. Dei må vere ærlege med kvarandre og gjere sitt beste for å forstå kvarandre rett.

    Ekstern kommunikasjon

    Med ekstern kommunikasjon meiner vi kommunikasjon med andre utanfor bedrifta du jobbar i. Det kan vere kundar, leverandørar, brukarar eller pårørande. Då er det viktig å representere arbeidsplassen din på ein god måte.