Video fra EBA om arbeidet i tømrerfaget (YouTube)
Tømrarfaget
Ein tømrar i dag må ha andre kvalifikasjonar enn berre for nokre år tilbake. Tømraren må, i tillegg til å vere ein dyktig og nøyaktig utøvar av faget også kunne meistre IKT. Det å kunne lese, skrive og uttrykkje seg munnleg er også ferdigheiter ein må meistre.
Viktige oppgåver
Bygging av ulike konstruksjonar er sjølvsagt den viktigaste oppgåva til ein tømrar. I starten av opplæringa lærer ein seg riktig bruk av verktøy, maskiner og festemiddel. Samtidig får ein kjennskap til ulike materiale. Då får ein eit godt grunnlag for å kunne byggje enkle konstruksjonar som bjelkelag og veggar.
I ein byggjeprosess må ein ha evna til samarbeid. Mange av byggjeplassane i dag er kompliserte og tekniske. Derfor er det viktig å ta omsyn til dei andre yrkesgruppene, slik at alle partar gjer ein så god jobb som råd.
HMS
HMS (helse, miljø og sikkerheit) er alltid viktig. Ingen ønskjer at nokon skal bli skadde eller i ytste konsekvens døy på ein byggjeplass. Derfor må alle vere sitt eige verneombod. I tillegg til å passe på seg sjølv, bør ein sjå til at alle andre følgjer dei reglane som gjeld for godt helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid.