Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Utforsk apoteklova

Dei fleste er innom apoteket frå tid til anna, anten det er for å hente ut legemiddel på resept eller kjøpe kongerøykelse og peparmyntedropar til jul. I denne oppgåva kan du utforske nokre av føresegnene i apoteklova og reflektere over ansvaret ditt på jobb i apotek.

1. Kven jobbar på apoteket?

Lov om apotek (apoteklova) seier at når du som apotekteknikar handterer legemiddel, skal det vere under tilsyn av farmasøytisk personale.

  1. Bruk ein praterobot som skulen din har godkjent, til å finne ut forskjellane mellom

    • ein provisorfarmasøyt og ein reseptarfarmasøyt

    • arbeidsoppgåvene til ein apotekteknikar og ein farmasøyt

  2. Kan du stole på svara du fekk? Sjekk andre kjelder.

Innlogging på NDLAs praterobot

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale. Bruk derfor tenester som er godkjende av skulen din.

Bruk til dømes NDLAs praterobot dersom han er tilgjengeleg for deg. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA med Feide-pålogging.

2. Utforskande oppgåve

Eit av formåla i apoteklova er å sikre forsvarleg utlevering av legemiddel og å medverke til at legemiddel er tilgjengelege i heile landet. Likevel er legemiddelmangel eit aukande problem og i nokre tilfelle ein langvarig situasjon. Søk på internett og finn svar på det følgande:

  1. Kva legemiddel er det mangel på no? Lag ei oversikt som inkluderer kva desse legemidla blir brukte mot.

  2. Kvifor er det mangel på desse legemidla?

  3. Kva kan bli konsekvensane av legemiddelmangel?

3. Praktisk oppgåve

Besøk eit apotek i nærleiken og observer korleis lokalet er tilrettelagt for å vareta omsynet til personvern og diskresjon for kundane. Be om mogleg om lov til å ta bilete de kan vise i klassen etterpå.

NB! Hugs diskresjon og personvern. De skal ikkje ta bilete av kundar.

4. Refleksjonsoppgåve

Apoteklova seier at du skal informere kunden om bruk, oppbevaring og haldbarheit av legemiddel. Dette gjeld òg reseptfrie legemiddel. Sjå NRK-dokumentaren under om bruk av paracetamol blant unge, og reflekter saman etterpå.

Film om bruk av paracetamol blant unge (lengde 13:50)

Refleksjonsspørsmål

  • Kor vanleg er det at ungdom under 18 år har Paracet i veska eller sekken?

  • Kva meiner de om samanhengen mellom tilgjengelegheit og forbruk av Paracet?

  • Kva erfaringar har de med å få informasjon om bruk og moglege skadelege effektar når de kjøper reseptfrie legemiddel på apotek?

  • Kvifor er det viktig at de rettleier ungdommar og andre kundar i apoteket om bruk og moglege skadelege effektar av reseptfrie legemiddel?

Relatert innhald

Haldningar til legemiddelbruk

Som helsefagarbeidar møter du mange ulike brukarar og pasientar som treng hjelp til å administrere legemiddel for sjukdommar og plagar.

Legemiddel

I helsepersonellovgivinga gjeld dei same retningslinjene for alle legemiddel, uavhengig av om dei kan kjøpast med eller utan resept.

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 25.02.2025