Undersøkingar og behandlingar

Døme på undersøkingar og behandlingar
Antibiotikabehandling
Antibiotikum blir brukt for å behandle eller førebygge sjukdom eller infeksjon forårsaka av mikrobielle sjukdommar. Antibiotika hemmar veksten av patogene mikroorganismar. Det finst ulike typar antibiotikum med ulike eigenskapar, slik at dei kan rette seg meir spesifikt mot rett type mikroorganisme.
Biopsi
Biopsi er ein vevsprøve som blir fjerna frå ein levande organisme for å undersøke om det er forandringar i vevet som kan tyde på sjukdom. Formålet er å finne ut om det er behov for vidare undersøkingar eller behandling. Ein tek ofte biopsi når funn i blodprøvar eller røntgenundersøkingar gir mistanke om sjukdom i eit organ eller i vev.
Blodsukkermåling
Målet med undersøkinga er å finne ut om blodsukkernivået i blodet er for høgt eller for lågt. Vi utfører denne prosedyren for å overvake og regulerer blodsukkeret. Dette er aktuelt ved mistanke om diabetes og for dei som har diabetes eller har risikofaktorar for å utvikle diabetes.
Blodtrykksmåling
Blodtrykk blir angitt som to tal med ein skråstrek mellom seg. Det første talet er overtrykket (systolisk), og det fortel oss kva trykk som blir pressa mot åreveggen når hjartet trekker seg saman. Det andre talet er undertrykket (diastolisk), og det fortel oss trykket mellom hjarteslaga og når hjartet kviler. Blodtrykk blir forkorta til BT.
Cellegift
Cellegift blir òg kalla cytostatika eller kjemoterapi. Cellegift er medisinar som blir brukte for å svekke eller drepe kreftceller. Det finst mange typar cellegift, alle verkar hemmande på celledelinga i kroppen.
CT-undersøking
Forkortinga CT kjem frå ordet computertomografi. Det er ei undersøking der det blir teke eit tversnittbilete av eit område i kroppen. Ei CT-undersøking er nyttig for å kunne påvise indre blødingar eller skadar etter trauma. Ho kan òg påvise svulstar eller avklare betennelsetilstander i kroppen. Undersøkinga gir eit nyansert og presist bilete av kroppen, men gir ein stor dose med røntgenstrålar.
EKG
EKG står for elektrokardiografi og er ein metode der ein registrerer den elektriske aktiviteten i hjartet. Ved hjelp av EKG kan ein påvise om hjartet slår normalt, har ein ujamn rytme eller om det er ekstraslag. Farten og utbreiinga av dei elektriske signala kan òg seie noko om skade på hjartemuskulaturen og tjukkleiken eller storleiken på hjartet. Undersøkinga blir gjennomført ved at ein festar elektrodar på huda på handledd og anklar og dessutan over brystet. Frå elektrodane festar ein leidningar som er kopla til eit EKG-apparat som registrerer dei elektriske impulsane i hjartet.
Endoskopi
Endoskopi er ei undersøking der ein fører eit røyr med elektrisk lys og spegel (endoskop) inn i eit av holorgana til kroppen, slik at holrommet kan undersøkast innvendig. Undersøkinga blir som regel gjord i lokalbedøving. To av dei vanlegaste undersøkingane er gastroskopi der ein går gjennom munnen og undersøker matrøyret, magesekken og tolvfingertarmen, og rektoskopi der ein undersøker endetarmen gjennom endetarmsopninga.
Gynekologisk undersøking (GU)
Ei gynekologisk undersøking er ei undersøking av vulva, skjeden og livmorhalsen. Denne undersøkinga kan utførast hos fastlegar og helsestasjon for ungdom. Er det behov for å undersøke livmor og eggstokkar, blir ein vist til gynekolog. Ved undersøkinga ligg kvinna i ein gynekologisk stol med beina plasserte i beinhaldarar. Legen vil sjå på dei ytre og indre kjønnsleppene etter sår, hevelsar, fargeendringar eller utslett. Vidare vil legen sjå inn i skjeden vel hjelp av eit spekulum med glidemiddel.
Kapillær blodprøve
Ein kapillær blodprøve blir gjord ved å bruke kapillærblod, som er blod frå dei minste blodårene i kroppen. Denne undersøkinga blir brukt for å måle mellom anna blodsukkeret. Undersøkinga blir utført ved hjelp av ei lita nål som blir stukken i fingertuppen. På premature barn og spedbarn under tre månader blir kapillære blodprøvar tekne i hælen.
Kirurgi
Kirurgi er den delen av medisinfaget der legen gjennomfører operasjonar for å behandle sjukdommar eller skadar.
Koloskopi
Dette er ei undersøking som blir brukt for å undersøke heile tjukktarmen. Det blir brukt eit koloskop, som er ein fiberoptisk slange som er bøyeleg. Koloskopet blir ført inn i endetarmen, og bilete blir overførte til ein skjerm. Ved hjelp av dette kan legen undersøke innsida av tarmen.
MR-undersøking
Ved ei MR-undersøking (magnetisk resonans) ligg ein på eit magnetfelt mens ei MR-maskin tek bilete ved hjelp av radiobølger. Ei MR-undersøking utstråler ikkje noka form for røntgenstråling. Undersøkinga gir ei god framstilling av forandringar i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR vise sjukdomsforandringar i skjelettet, hjartet, blodårer, urinvegar og organ som tarmsystemet.
Pulsmåling
Vi måler puls ved å telje hjarteslaga, altså når hjartet trekker seg saman, og vi gjer det for å vurderer kor raskt hjartet slår. Vi kjenner pulsen best på halsen og på handleddet. Eit anna ord for puls er hjartefrekvens.

Røntgen
Ei røntgenundersøking gir eit todimensjonalt bilete av ein kroppsdel ved bruk av røntgenstrålar. Undersøkinga kan påvise ei rekke tilstandar, som sjukdommar i lunger eller skadar i skjelett.
Spirometri
Spirometri er ei undersøking som måler lungefunksjonen ved hjelp av eit spirometriapparat. Undersøkinga kan måle to ulike eigenskapar ved lungene: mengde (volum) luft som blir pusta ut, og strøymingsfarten på denne (flow). Til saman gir måling av volum og flow god informasjon om lungene og funksjonen til luftvegane. Spirometri er ei av dei viktigaste undersøkingane når ein skal påvise eller følge opp behandlinga av lungesjukdommar som astma eller KOLS.
Strålebehandling
Strålebehandling blir òg kalla høgenergisk røntgenstråling. Stråling verkar inn på arvematerialet til kreftcellene slik at dei anten døyr eller sluttar å dele seg.
SpO2-måling
SpO2 er forkortinga som blir brukt for oksygenmetting. Oksygenmetting er kor mykje oksygen som er i blodet. Vi måler oksygenmettinga ved hjelp av eit pulsoksymeter som vi festar på fingeren.
Ultralydundersøking (UL)
Ultralydundersøking blir brukt for å undersøke ulike organ. Under undersøkinga blir ultralyd sendt inn i kroppen frå eit lydhovud. Ultralyden blir reflektert frå vevsstrukturar tilbake til lydhovudet og blir omdanna til eit gråskalabilete på ein skjerm ved hjelp av ei datamaskin.
Urinprøve
Når det er mistanke om urinvegsinfeksjon, blir det teke ein urinprøve. Urinprøven kan undersøkast på tre ulike måtar:
Urinstix
Blir utført ved å dyppe ein papirstrimmel som er tilsett kjemiske stoff, i urin. Strimmelen forandrar farge viss det er utslag på urinprøven.
Urindyrkning
Ved mistanke om urinvegsinfeksjon kan legen bestemme at urinprøven skal sendast til eit laboratorium for vidare undersøking. Formålet er å finne ut kva bakterietypar som er til stades, slik at pasienten kan få rett behandling.
Urinmikroskopi
Urinprøvar blir òg brukte for å undersøke symptom på andre sjukdommar enn infeksjonar. Til dømes kan blod i urinen vere teikn på sjukdom i øvre del av urinsystemet. Ved mistanke om nyresjukdom blir urinprøven send til urinmikroskopi der han blir undersøkt gjennom eit mikroskop.
Venøs blodprøve
Ei venøs blodprøve blir teken for å undersøke om det er forstyrringar i samansetjinga av blodet som kan indikere sjukdom i kroppen. Blodprøven blir teken gjennom eit innstikk i ei vene på innsida av olbogen. Blodet blir tappa i ulike typar prøveglas, avhengig av kva som skal analyserast.