Oppgåve
Tolking av epikrisar
Ein epikrise er ein skriftleg rapport som fortel kva som har blitt gjort i ei undersøking eller behandling av ein pasient. I denne oppgåva skal du øve på å tolke ulike epikrisar.

Tolk ei epikrise
Jobb to eller tre elevar saman. Kvar gruppe jobbar med ein eller fleire epikrisar.
Les gjennom epikrisen.
Prøv å forklare kvarandre kva orda i epikrisen betyr, utan å bruke hjelpemiddel.
Bruk ein praterobot som skulen din har godkjent, eller bruk NDLAs praterobot. Lim inn epikrisen i prateroboten, og be han om å forklare epikrisen. Kva svar får de?
Kan de stole på svaret frå prateroboten? Sjekk svaret mot andre kjelder.
Korleis vil de forklare epikrisen til pasienten?