Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Tolking av epikrisar

Ein epikrise er ein skriftleg rapport som fortel kva som har blitt gjort i ei undersøking eller behandling av ein pasient. I denne oppgåva skal du øve på å tolke ulike epikrisar.

Tolk ei epikrise

Jobb to eller tre elevar saman. Kvar gruppe jobbar med ein eller fleire epikrisar.

  1. Les gjennom epikrisen.

  2. Prøv å forklare kvarandre kva orda i epikrisen betyr, utan å bruke hjelpemiddel.

  3. Bruk ein praterobot som skulen din har godkjent, eller bruk NDLAs praterobot. Lim inn epikrisen i prateroboten, og be han om å forklare epikrisen. Kva svar får de?

  4. Kan de stole på svaret frå prateroboten? Sjekk svaret mot andre kjelder.

  5. Korleis vil de forklare epikrisen til pasienten?

Innlogging på NDLAs praterobot

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale. Bruk derfor tenester som er godkjende av skulen din.

Bruk til dømes NDLAs praterobot dersom han er tilgjengeleg for deg. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA med Feide-pålogging.

Epikrise 1

  • Pasient: Ola Nordmann

  • Dato: 11. april 2025

  • Røntgenundersøking: Thorax (brystkasse)

  • Beskriving: Røntgenbiletet viser ein normal thorax utan teikn til patologi. Hjartet har normal storleik og form. Lungene er klare utan teikn til infiltrat, konsolidering eller pleuravæske. Mediastinum er normalt. Ingen synlege frakturar eller dislokasjonar av ribbeina.

  • Konklusjon: Normal røntgen thorax.

Epikrise 2

  • Pasient: Kari Nordmann

  • Dato: 13. januar 2025

  • Prøvetype: Avføringsprøve

  • Beskriving: Makroskopisk undersøking viser brun, forma avføring utan synlege blodtilblandingar. Mikroskopisk undersøking viser ingen teikn til parasittar eller egg. Bakteriologisk dyrking er negativ for patogene bakteriar som salmonella, shigella og campylobacter. Ingen teikn til virusinfeksjon.

  • Konklusjon: Normal avføringsprøve utan teikn til infeksjon eller patologi.

Epikrise 3

  • Pasient: Per Hansen

  • Dato: 13. februar 2025

  • Prøvetype: Hudbiopsi (føflekk)

  • Makroskopisk beskriving: Prøven består av ein 5 mm stor, brunleg føflekk med uregelmessige kantar.

  • Mikroskopisk beskriving: Histologisk undersøking viser ein proliferasjon av atypiske melanocyttar som strekker seg frå epidermis til dei øvre laga av dermis. Det er nærvær av nukleær pleomorfisme og auka mitotisk aktivitet. Ingen teikn til ulcerasjon eller vaskulær invasjon.

  • Konklusjon: Funna er i samsvar med eit malignt melanom. Vidare utgreiing og behandling blir tilrådd.

Epikrise 4

  • Pasient: Anne Olsen

  • Dato: 13. mars 2025

  • Undersøking: MR av hofta

  • Beskriving: MR-bileta viser normale anatomiske strukturar i hofta. Ingen teikn til frakturar eller dislokasjonar. Hofteleddet er intakt med normal leddbrusk. Ingen teikn til synovitt eller leddvæskesamling. Muskulaturen rundt hofta er utan patologiske forandringar. Ingen synlege teikn til tumor eller infeksjon.

  • Konklusjon: Normal MR hofte.

Epikrise 5

  • Namn: Siri Nilsen

  • Dato: 22. mars 2025

  • Undersøking: Mammografi

  • Svar på mammografi: Mammografi med tomosyntese: Bilateral tomosyntese med syntetiske 2D-bilete. Ingen tidlegare bilete til samanlikning. Mammografisk tettleik grad C. Litt ujamn fordeling av kjertelvevet i begge bryst, men utan at det blir sett avgrensbare tumorsuspekte fortettingar. Ingen mikroforkalkingar.

  • Konklusjon: Ingen teikn til malignitet.

Epikrise 6

  • Namn: Sofia Rafiq Ahmed

  • Dato: 12. juni 2021

  • Undersøking: Ultralyd begge bryst

  • Beskriving: Pasienten har kjent ei oppfylling oppover lateralt i venstre bryst, men synest sjølv at denne har gått tilbake. Ingen sikre tumorsuspekte palpasjonsfunn i området i dag. Ultralyd viser upåfallande kjertelvev i begge bryst. Ingen synlege tumorsuspekte oppfyllingar.

  • Konklusjon: Ikkje noko patologisk påvist.

Epikrise 7

  • Pasient: Petter Karlsen

  • Dato: 15. desember 2022

  • Behandlande tannlege: Dr. Hansen

  • Diagnose: Karies i molar (tann 36)

  • Behandling: Fylling med komposittmateriale

  • Behandlingsforløp: Pasienten kom til klinikken med smerter i nedre venstre molar. Klinisk undersøking og rtg. stadfesta karies. Området vart bedøvd, og karies vart fjerna. Tanna vart deretter fylt med komposittmateriale. Pasienten vart informert om å unngå hard mat i 24 timar og å halde oppe god munnhygiene.

  • Vidare oppfølging: Pasienten blir tilrådd å komme tilbake for kontroll om 6 månader. Ved vedvarande smerter eller ubehag bør pasienten kontakte klinikken omgåande.

  • Legemiddel: Ingen legemiddel føreskrivne.

Skrive av Elin M. Rånes Gjøvikli, Kathrine Synnøve Karlsen og Grethe Giæver Nilsen.
Sist oppdatert 09.05.2025