Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Apoteklova

Apoteklova skal sikre forsvarleg utlevering av legemiddel. Lova skal medverke til at legemiddel og farmasøytiske tenester av god kvalitet og rimeleg pris er tilgjengelege i heile landet, og at dei blir brukte rett. I tillegg stiller apoteklova strenge krav til kven som kan eige og drive apotek.

Eigarskap og drift av apotek

For å eige og drive apotek i Noreg krevst det offentlege godkjenningar, såkalla konsesjon til eigarskap til apoteket og konsesjon til drift av apoteket. For å få konsesjon til å eige apotek må den som søkar, dokumentere at hen kan drive apoteket fagleg forsvarleg og sikre fagkompetansen i apoteket. For å søke om konsesjon til å drive apotek krevst det autorisasjon og to år som provisorfarmasøyt i tillegg til politiattest. Begge konsesjonane kan kallast tilbake av Helse- og omsorgsdepartementet dersom ikkje kriteria for godkjenning blir overhaldne.

Apoteklova seier at du som apotekteknikar skal ha tilsyn av farmasøytisk personale når du handterer eller ekspederer legemiddel. Dette medfører at det alltid må vere minst ein farmasøyt på jobb når apoteket er opent for kundar.

Medisinbyte

Legemiddel skal utleverast nøyaktig i samsvar med resept, men det er mogleg å byte til eit likeverdig legemiddel dersom dette er godkjent av Helse- og omsorgsdepartementet som bytbart. Apoteket kan ikkje byte til eit likeverdig legemiddel dersom kunden eller den som har skrive ut resepten, motset seg det. Dersom kunden ikkje ønsker å byte til eit likeverdig legemiddel, må dei sjølve betale dersom det er ein prisforskjell. Viss det derimot er legen som av medisinske årsaker ikkje ønsker medisinbyte, treng ikkje kunden å betale differansen.

Retur av legemiddel

Apoteket har òg plikt til å ta imot retur av legemiddel som skal kasserast. Det kan vere medikament som har passert utløpsdato, eller som kunden ikkje bruker lenger.

Tenk over

Kvifor er det viktig at ubrukte legemiddel blir leverte på apoteket i staden for at dei hamnar i restavfallet?

Forsvarlegheit og diskresjon

Informasjon om legemiddel skal sikre at legemiddel blir brukte forsvarleg og rett. Ved sal av reseptfrie legemiddel skal apoteket kontrollere at det inneheld opplysningar om bruk, oppbevaring og haldbarheit. I tillegg skal apoteket sikre at kunden har informasjon som sikrar rett bruk av legemiddelet, og informasjon om moglege skadelege effektar av legemiddelet.

Lova seier òg at lokala til apoteket skal vere utforma slik at både kvalitet, sikkerheit og behova kundane har for diskresjon, blir varetekne.

Forhandlingsplikt

I motsetning til daglegvarebutikkar med utsal av legemiddel har apoteket plikt til å forhandle vanleg medisinsk utstyr og alle tillatne legemiddel i Noreg. Apoteket skal ha rutinar for varelevering som sikrar at dei har produkta som er omfatta av forhandlingsplikta, på lager, slik at dei kan leverast raskt. I tillegg til forhandlingspliktige varer kan apoteka tilby andre varer og tenester.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du som apotekteknikar vareta behova kunden har for diskresjon og personvern?

  2. Kvifor er det viktig at apoteklova sikrar at legemiddel er tilgjengelege for heile befolkninga?

  3. Kva andre varer og tenester blir ofte tilbodne på apotek i tillegg til legemiddel og medisinsk utstyr?

Kjelde

Apoteklova. (2000). Lov om apotek (LOV-2000-06-02-39). Lovdata. 2000-06-02-39

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 14.04.2026