Frivilligheit i helse- og omsorgstenesta - Yrkesliv i helsearbeidarfag (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Frivilligheit i helse- og omsorgstenesta

Frivillig arbeid fremjar helse og livskvalitet både for mottakarane og bidragsytarane av tenestene. Frivillige organisasjonar er ein viktig ressurs i helse- og omsorgstenesta, og dei bidreg med tenester som det kommunale tenestetilbodet ikkje kan tilby.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Kva kan frivillige organisasjonar bidra med som ikkje kommunale helse- og omsorgstenester kan tilby?

  2. Korleis kan frivillig arbeid styrkje folkehelsa?

  3. Kva er forskjellen på å få besøk eller andre tenester frå ein frivillig person og frå ein profesjonell?

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2021