Fagstoff
Video
Frivilligheit i helse- og omsorgstenesta
Frivillige organisasjonar er ein viktig ressurs i helse- og omsorgstenesta, og dei bidreg med tenester som det kommunale tenestetilbodet ikkje kan tilby. Denne filmen (lengde 8:13) viser korleis frivillig arbeid fremmer helse og livskvalitet for både dei som mottek tenestene, og dei som utfører dei.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0
Utfordringar til deg
Kva kan frivillige organisasjonar bidra med som ikkje kommunale helse- og omsorgstenester kan tilby?
Korleis kan frivillig arbeid styrke folkehelsa?
Kva er forskjellen på å få besøk eller andre tenester frå ein frivillig person og frå ein profesjonell?