Ambulansearbeidar - Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Ambulansearbeidar

Ambulansearbeidaren er ofte den første kontakten med helsevesenet for personar som har vore utsette for akutt sjukdom eller skade. I denne filmen får du høyre om utdanninga, arbeidsoppgåver og naudsynte eigenskapar i jobben som ambulansearbeidar.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Som ambulansearbeidar må du vere klar til å dra ut for å transportere pasientar under alle vêr- og føretilhøve og til alle tider på døgnet. I tillegg til samarbeid med pasient og pårørande krev jobben samhandling med anna helsepersonell og andre nødetatar.

For å kunne nytte yrkestittelen ambulansearbeidar må du ha autorisasjon frå Helsedirektoratet. Det er òg krav om helseattest, og dei fleste helseføretaka gjennomfører fysiske opptaksprøver ved tilsetjing av både lærlingar og ambulansearbeidarar For å ta kompetansebevis for utrykkingskøyring (kode 160) må du ha fylt 20 år og hatt førarkort for personbil klasse B samanhengande dei siste to åra.

Utfordringar til deg

Sjå filmen og bruk lenkjene under til å svare på desse spørsmåla.

  1. Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli ambulansearbeidar?
  2. Kva for eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
  3. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein ambulansearbeidar?
  4. Kva for moglege arbeidsstader kan du finne for ein ambulansearbeidar?
  5. Kvifor er det viktig å tenkje på ergonomi og HMS i jobben som ambulansearbeidar?

Sjå ambulansearbeidaren i aksjon i episode 2 i NRK-serien 113.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Lærling i ambulansetenesta

Her skal de ta kontakt med ambulansetenesta og finne ut kva dei legg vekt på når dei skal tilsetje nye ambulansearbeidarar.

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2020