Lærling i ambulansetenesta - Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lærling i ambulansetenesta

For å få plass som lærling i ambulansetenesta må du sende inn søknad. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju, og i tillegg gjennomfører dei fleste helseføretak fysiske opptaksprøver.

Gjennom intervjuet ønskjer arbeidsgivar å finne ut om du er eigna til jobben.

  1. Kva vil det seie å vere eigna til ein jobb?
  2. Ta kontakt med ambulansetenesta i helseføretaket ditt og finn ut kva dei legg vekt på når dei skal ta inn nye lærlingar.
  3. Kva er dei fysiske krava for å kunne få lærlingplass i ambulansetenesta i helseføretaket ditt?
Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2020