Omsorg for barn i skule og SFO - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Omsorg for barn i skule og SFO

Når barn byrjar på skulen, startar ein ny fase i livet. Det kan vere både spennande og skummelt å kome til ein ny stad og bli kjend med nye menneske. Skulebarn treng omsorg for å vere trygge og ha det bra. Når dei er trygge, gir det gode moglegheiter for utforsking og læring.

Omsorg for barn i alderen 6–12 år

I Noreg byrjar barn på skulen det året dei fyller seks år. Det er ein overgang til noko nytt. Barn er ofte spente på det nye som ventar, og nokon gruer seg litt. Det er mange nye forventningar og krav. Dei fleste finn seg godt til rette, mens nokon er ikkje heilt klar for det nye enno, og vil kanskje streve litt. Felles for alle er at dei har behov for omsorg for å føle seg trygge.

Når barn er i denne alderen, har omsorg mykje å seie for den faglege meistringa og utviklinga til barna. Det har òg betyding for korleis dei utviklar seg som menneske, både emosjonelt og sosialt.

Gode relasjonar

For at dei skal ha det bra og trivast, treng barna gode relasjonar. Det er ansvaret ditt å byggje ein god og trygg relasjon. Det er ein relasjon prega av nærleik og fysisk kontakt, der barna blir møtte med varme og kjærleik, slik at dei føler seg sette og anerkjende.

Barna treng vaksne som er saman med dei, bryr seg og er oppriktig nysgjerrige og innstilte på å forstå det enkelte barnet. Vaksne som gir anerkjennande tilbakemeldingar på at dei er gode nok som dei er, utan at dei treng å prestere noko. Dette kan uttrykkjast både med blikk og ord, som til dømes når du helser, får blikkontakt og smiler og seier: "Hei, Klara, så koseleg å sjå deg!" Eller når du viser omsorg ved fysisk kontakt, som når du stryk barnet på kinnet, gir ein klem eller held det i handa og seier: " Eg liker å vere saman med deg!"

På denne måten bidreg du til at barnet byggjer opp eit positivt bilete av seg sjølv og verdien sin. Det styrkjer sjølvkjensla til barnet, og barnet vil lettare føle seg trygg og verdifull. Ein slik tryggleik er det beste utgangspunktet for læring.

Ha det gøy saman

Barn liker veldig godt at vi vaksne leiker og har det gøy saman med dei. Som barne- og ungdomsarbeidar er det fint om du bidreg til å skape stunder der de har det fint saman. Her gjeld det òg å utnytte dei små augneblinkane for å ha det gøy saman i kvardagen. Vis glede når du er saman med barna, gjer hyggjelege og morosame ting saman med dei. Gode dosar med tøys og tull på premissane til barna er verdifullt i seg sjølv. Det gir barnet både opplevinga av å vere verdifull og energi til å utforske og lære.

I skulealder handlar det mykje om å lære noko nytt. Det vil vere aktivitetar som barnet synest er interessante, men òg aktivitetar og oppgåver som dei synest er kjedelege og uinteressante.

Det er viktig å hugse på at vi i større grad er motiverte for å lære når vi er glade. Då er vi meir opne for å ta imot informasjon, delta og tenkje ut nye idéar og finne løysingar. Det er derfor viktig at du som barne- og ungdomsarbeidar bidreg til å fremje eit positivt miljø på skule og SFO.

Tilpass hjelp og støtte

Bli kjend med kva barnet meistrar

Bli kjend med barnet og finn ut kva det meistrar. På den måten kan du leggje til rette for leik og læringsaktivitetar som du veit barnet klarer, men som òg kan gi nye utfordringar og læring.

Ha positive forventningar

Ha positive forventningar til barnet. Vis at du har tru på at det vil klare det. Vis entusiasme og at du gleder deg på barnets vegner når det meistrar. Det vil gi barnet ekstra energi. Barnet vil dermed kunne kjenne seg glad, viktig og at det er godt å vere saman med deg. Det kan gjere at barnet lettare høyrer på deg og samarbeide med deg. Det kan òg bidra til at barnet får tru på seg sjølv i læringssituasjonar, og at det greier å fokusere i møte med utfordringar og stress.

Gi akkurat passe med hjelp

Hjelp barnet akkurat så mykje at dei greier seg sjølv. Dersom du greier å avgrense hjelpa til det faktiske behovet barnet har, vil du stimulere den vidare sjølvstendige utforskinga.

Når barn ikkje tør å spørje om hjelp

Mange barn kan vere redde for å be om hjelp. Dei kan vere redde for at du eller dei andre barna skal oppfatte dei som "dumme". Det er derfor ekstra viktig at du formidlar at det lov til å gløyme, gå glipp av noko og ikkje forstå. Barnet må oppleve at det er trygt å be om hjelp, og at det er heilt greitt å få hjelp.

Ver medviten om at det kan vere mange grunnar til at barn ikkje spør om hjelp. Hjelp barna med å setje ord på dette, så kan det hende det blir lettare å spørje likevel. Ver til stades saman med barna og oppsøk dei barna som ikkje spør så mykje. Då er du lettare tilgjengeleg for å kunne hjelpe, òg barn som ikkje spør så mykje.

Hjelp til å forstå samanhengar

Hjelp barna med å forstå samanhengen mellom det dei skal lære, og noko anna. Til dømes kan det vere lurt å lære seg bokstavane for å kunne skrive på data eller sende ei tekstmelding. Når barnet forstår kvifor dei skal lære noko, kan det bli lettare å konsentrere seg om oppgåva.

Set grenser på ein god måte

Barn treng rammer og grenser for å føle seg trygge. Dei treng å lære kva som er rett å gjere i ulike situasjonar. Hugs at grenser aldri er viktigare enn behovet barnet har for å ha eit trygt samband med dei vaksne. Viss du er sint og straffande, står du i fare for å øydeleggje den relasjonen du har til barnet.

Barn toler fint eit nei og at ting ikkje er lov. Det er måten du formidlar grenser på, som seier noko om du gjer det på ein omsorgsfull måte. Å vere tydeleg, fast og samtidig god når du set grenser, handlar om å forstå barnet i den situasjonen det er i. Hjelp barnet ved å gi forslag til løysing og til alternative måtar å løyse situasjonen på. Til dømes når Siri spring i klasserommet når de skal ete. Då kan du seie: "Eg skjønner at det kriblar i kroppen no, Siri, men no skal du sitje på plassen din mens du et maten."

Utfordringane er å finne ein balanse mellom å setje grenser og gi barnet moglegheit til å utfalde seg, og mellom å vere fast og vise at du er glad i barnet.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du vise omsorg for barn i skulealder?
  2. Korleis kan du vise at du har positive forventningar til eit barn?
  3. Kvifor er glede så viktig i kvardagen for barn?
  4. Kva betyr det å finne balanse mellom å setje grenser og å gi barnet moglegheit til å utfalde seg?
  5. Korleis kan du setje grenser for eit barn og samtidig vise at du er glad i barnet?
Kjelder

Brandtzæg, I., Torsteinson, S. & Øiestad, G. (2016). Se eleven innenfra. Relasjonsarbeid og mentalisering på barnetrinnet. Gyldendal akademisk.

Bufdir. (2020, 23. juni). Selvfølelse hos barn. https://bufdir.no/foreldrehverdag/selvfolelse_hos_barn/

Drugli, M. B. (2017). Lærer-elev relasjoner. http://www.fosen.net/_f/p1/iafca5bc4-7dde-4b57-bc51-0b823abf2582/may-britt-drugli-090317.PDF

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2020